Internt referansenummer: 27.08.2009 – A
Kilde:
Folkeminne fra Rogaland I
Samla av Torkell Mauland
NORSK FOLKEMINNELAG XVII
Oslo 1928
Prenta hjå Johansen & Nielsen, Oslo
Klikk her for informasjon om Torkell Mauland
Klikk her for å lese «fyreordet» (Med bilde av Torkell Mauland)

Trollskap i Vindafjord

Ein stad upp fraa Sandeid-sjøen budde ein gong ein mann som drakk og snytte folk og for aat som eit umenne paa mange maatar. So kann ein vita at det fylgde trollskap og skrymt med honom der som han for.

Ein gong kom han ridande fraa landhandlaren; det var um kvelden. Paa vegen var det ein mann som møtte honom, og dei tvo stod og rødde med kvarandre eit lite bil. Dei skildest, og den andre mannen gjekk lenger ned-yver. Daa han var komen eit stykke til, møtte han ein annan ridar som han ikkje kjende; det var ein svart-muskutt mann i frakke og med ein høg, svart hatt. Daa mannen hadde gjenge eit stykke til, møtte han eit kvende som og kom ridande. Kven ho var, visste han ikkje; men daa han saag vel paa henne, kunde han sjaa eld i bakenden baade paa henne og paa øyken. So gjekk mannen eit stykke til, og daa møtte han ei mengd med folk, sume ridarar og sume gangarar, og alle hadde eld i bakenden. Daa kunde mannen godt skyna kva slag folk det var som fylgde etter den ryggjalaus-mannen; men endaa vart han ikkje fælen. Han gjekk inn paa den fyrste garden han daa kom til, og der fortalde han kva han hadde set. Sidan sat han der ei stund, og daa han so skulde ganga heim, hadde han vorte so fælen at han ikkje torde vera aaleine; folk der paa garden laut fylgja han heim.

Alt dette er beine sanningi, og det er ikkje lang tid sidan det hende.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.