Internt referansenummer:B-000019
Kilde:
I MANNS MINNE
GAMAL VALDRES-KULTUR III
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1944
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese om Ola på Tømto


Trollskap

På Onstad her i Aurdal

(Eit ettertak hjå Ola på Tømto)

På Onstad her i Aurdal levde det i gamal tid ein mann som var so svær til trolle. Ein dag kom den slemme og vilde ta mannen. Det vart då sendi bod på Aurdals-presten. Då han kom og skulde gå gjennom døri, skreik den slemme:

«Du har 'kji noko her gjera!»

So sende dei bod etter presten Stabel i Bagn. Han hadde det ordet at han hadde meistra styggen so ofte. Hjå Stabel tente den gongen ein snåling dei kalla Sålde-Bål. Han var visarguten åt presten. No vart Sålde-Bål med og køyrde. Då dei kom ned på vegen, sa Stabel:

”E gløymde nokk att boke, e. Du får springe attende ette 'n, du!” —
”Ja, koss ska e finne henne då?” sa 'n Bål.
”Å, du ser nokk ko de e for ei når du kjem på kontoret!” svara Slabel.

Guten gjekk. Då han let opp døri til prestekontoret, låg svarteboki på bordet. «Det gløste tå 'n!» skulde Bål ha sagt sidan.

No var Sålde-Bål noko nyfiken. Han såg i boki, babla og las vel litt ogso. Då totte han det var noko som tok til hange inn på han. Men so la han på sprang etter presten. Då han rokk han att,
sa Stabel:

”Koss er de du ha fare åt då?”

Han såg nok at det ikkje var som det skulde med han. Stabel tala då litt over guten, og straks vart han kvitt trollskapen. So bar det avstad nordetter Juvkamsbakkatn friskare enn fort. Då dei kom til Onstad, vart han Sålde-Bål att ute, skulde passe hesten. Då den vonde såg Stabel kom i døri, hadde han
skrykt seg, han hadde vorte redd og skygnen. — Sålde-Bål hadde stade ute og sett gjennom glaset alle tre inne på kjøkenet. Stabel hadde ikkje vore lenge inne for styggen fekk ferdapass.

På vegen attende fekk Stabel likevel røyne at det endå var liv i ruggen. Då dei kom ned i Juvkamsbakkatn, datt eine karjol¬hjulet hans tå. Men Stabel var so god at han køyrde attende åt prestegarden med eit hjul. Dagen etter hadde Stabel Sålde-Bål til å gå bort i Juvkamsbakkatn etter hjulet.

Stabel skulde ha vore ein stor, skrultin prest, som ikkje var skuggeredd. Han var — som du veit — ein tå Eidsvolls-menno.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.