Internt referansenummer: 27.08.2009 – A
Kilde:
Folkeminne fra Rogaland I
Samla av Torkell Mauland
NORSK FOLKEMINNELAG XVII
Oslo 1928
Prenta hjå Johansen & Nielsen, Oslo
Klikk her for informasjon om Torkell Mauland
Klikk her for å lese «fyreordet» (Med bilde av Torkell Mauland)

Trollskap paa Skyld

I gamle dagar var det trollskap paa Skyld, prestegarden. Trolli heldt seg nord i marki i ein dal dei kallar Stemmedalen. Der er det enno ei urd, og inn-under den er det mest som ei stova. Der er steinar mest som benkjer, og ei gruva mest slik aa sjaa til som gruvor dei brukar no. I fjoset heime paa Skyld var det ei ku som vart mjolka kvar natt.

Ein gong var det ein gjætar som gjætte der nord i Stemmedalen. Daa hadde han kravla uppaa urdi, og daa høyrde han det var nokre som rødde der inne. Han lagde øyra til og fekk høyra at dei samraadde seg um korleis dei skulde til Skyld og stela den natti. Dette gjekk gjætaren heim og fortalde. Daa vilde folki halda seg vakne og agta paa. Dei sat uppe og venta lengje; men ingen kom. So gjekk dei eit stykke upp-etter paa lag og lying. Jau, daa kom sabbarne. Men daa dei skyna at folk heldt seg uppe, snudde dei og for nordatt so fort som dei kunde.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.