Internt referansenummer:B-000019
Kilde:
I MANNS MINNE
GAMAL VALDRES-KULTUR III
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1944
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese om Ola på Tømto


Trollskap

Tobakkshusin

(Eit ettertak hjå Ola på Tømto)

Ein annan kjend trollmann var Tobakkshusin. Han hadde ogso svarteboki og kunde bruke ho som ein kar.

Han slo svært, Tobakkshusin. Det var fire skoredottar i veret for kvar skår han tok.

Ein gong var Tobakkshusin hjå Lunna i Etnedal og slo. Der hadde han sagt seg god til slå eit stort jorde på dagen. Lunnin skulde då raka etter han. Men Lunnin kunde noko han med. So sette han laust liv på Tobakkshusin. Men han visste råd. Han slo i Adams drakt og let det stå til.

Då kvelden kom, var jordet slege. Og Lunnin hadde aldri i sitt liv hatt so annsam dag. Han var heilt kvitt då kvelden kom.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.