Kilde
Det mørke landet
Nordnorske eventyr og segner
Av Edvard Ruud
Illustrert av Karl Erik Harr
Fonna Forlag 1980
Gjengis med spesialtillatelse av
Edvard Ruuds sønn; Tore Ruud

Trollsteinen i Vågan


Det var eingong ein prest som budde i Vågan. Han hadde «Svarteboka» og kunne lese i ho. Den boka hadde lært han svartekunster.

Så var det ein kjerkesøndag presten var i annekset og kjerketenaren gjekk ein svett opp i kjerka. Kom han så uforvarande til å sjå at Svarteboka låg der. Då fekk han slik brennhug å lese i boka. Han slo opp og trefte på der ein kunne løyse han Tykje sjølv. Og det var sant. Han kom. Spurde så ka han skulle gjere.


«Jau,» sa kjerketenaren. «Du skal gå ned på Leira og legge tau. Det skal vere 100 famner langt og tjukt som ein jektekabel.»
«Men då må æg få tjerra,» sa han Tykje.
«Det skal ikkje vere tjerrataug,» sa kjerketenaren.


Så tok han til å spinne. Men tauet datt sundt. Han hadde ikkje fått to famner før han måtte spleise! Og så til å spinne att. Etter kvart han spann – bar det oppover og oppover. Nærare og nærare kjerka bar det. Kjerketenaren såg at her bar det galt til. Her var eitt å gjere. Dei måtte hente presten. Han fekk ein mann med seg og dei la i veg til annekskjerka, rodde så sjøsprøyten stod over framstamnen. Fekk så ein mann å gå med seg til kjerka. Og der stod presten midt i preika. Men då han såg kjerketenaren i Vågan kom opp etter kjerkegolvet – då stogga han i preika og spurde ka som var fatt. Kjerketenaren frå Vågan svarte at han Tykje var laussloppen i Vågan, og no heldt han på å grave grunnen unna kjerka. Då presten høyrde det slutta han preika og lyste signing. Han baud dei sprengro. Dei gjorde ikkje vegen lang heim til Vågan. Der var syn å sjå. Der stod han Tykje og grov leira og la taukveile kloss pun kjerka.


«Kom opp,» ropte presten.
«Æg er kje ferdig,» sa han Tykje.


Presten ropte ennu ein gong:


«Kom opp, sier jei.»


Då kom han Tykje opp av leirhola.


«Ka vil du mæg?» spurde han Tykje.
«Du skal fare dit du kom frå,» svarte presten.
«Nei, no er æg komen laus – og no vil æg vere laus» sa han Tykje.


Presten gjekk imot han og las ei leksa han kunne.


Han Tykje gjekk unna med ryggen føre. Fæl kjeft brukte han. Då dei kom til Trollsteinen, då sa presten:


«Under den skal du!»


Då ville han slå labben i presten. Men presten han stagga han Tykje med ord.


«Vik bort frå mag Satan.» sa presten.


Då slo han Tykje kloa si inn i Trollsteinen. Taket glapp. Endå i dag kan ein sjå merke etter kloa åt han Tykje.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *