Internt referansenummer: B – 12.04.2016
Kilde:
LIV OG LAGNAD
FOLKEMINNE FRÅ SØR-ODAL
Av:MAGNE ALTROM
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 48
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG)
1942
Prenta hos Johansen & Nielsen — Oslo.
Klikk her for å lese ”Føreord”

Trollty – Det skulle hjelpe mot tussebett…

 

Det var ein mann som dreiv med vedakøyring oppi skogen her, og han var nettopp på tur nedover att med eit lass. Det hadde gått lite trevarlig for’n, så han hadde vorti hefta, og det tok til å bli skomt mellom trea.

Rett som det var, gikk gjurdinga på lasset opp, og så vart han pokka til å stane og dra til den. Dermed så slengte han seg på att og smatta på hesten.

Men så vart han var at høgre peikefingeren kjentes så nommen og rar, og den begynte å trutne opp og bli blårau og stygg. Da fysst kom mannen på at det kanskje var tussen som var ute etter han fordi han hadde urøyvd’n om kvelden. Men mannen visste råd for det. Han klundra fram fyrstikkasken med venstre handa og drog ut tre stikker. De ripte han i, og så f6r’n rundt den vonde fingeren med de tre gonger mot sola. Og han mulla noe som au skulle hjelpe mot tussebett. Det hjelpte på timen. Fingeren var snart like god att.

Når mannen sia tala om detta, var han støtt like sikker på at det var tussebett han den gongen hadde vori ute for.

(Am. Bråten.)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *