Internt referansenummer: B – 12.04.2016
Kilde:
LIV OG LAGNAD
FOLKEMINNE FRÅ SØR-ODAL
Av:MAGNE ALTROM
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 48
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG)
1942
Prenta hos Johansen & Nielsen — Oslo.
Klikk her for å lese ”Føreord”

Trollty – Ein frå Pålrud var på Ellingsrud…

 

Ein frå Pålrud var på Ellingsrud og tente. Ein kveld det var stappende mørkt skulle han fôre besta. Men da han dreiv i golvet og nappa høy, var det noe som stakk ‘n i leppa. Detta trutna opp så forferdelig. Da fekk han den råda å ta med seg lite brennevin og gå til ei som heitte Anne, for ho var messom ei slags signekjerring de kaller. Han gjorde det, for han visste ikke si arme råd, så vondt hadde han. Han helte brennevin på ei naftaflaske og drog i veg.

Anne tok flaska og gikk for seg sjøl ei stund. Så fekk mannen att a og skulle smørja på seg. Det gjorde han nå ikke straks, for han trudde ikke stort på detta. Men oppi vegen vart det like vel så han smeika på seg lite grann, og jamen var det ikke messom det vonde gav seg lite etter det.

(Knut Pålrud.)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *