Internt referansenummer: B – 12.04.2016
Kilde:
LIV OG LAGNAD
FOLKEMINNE FRÅ SØR-ODAL
Av:MAGNE ALTROM
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 48
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG)
1942
Prenta hos Johansen & Nielsen — Oslo.
Klikk her for å lese ”Føreord”

Trollty – Ein mann frå Iler…

 

Det var ein mann som dreiv med vedakøyring oppi skogen her, og han var nettopp på tur nedover att med eit lass. Det hadde gått lite trevarlig for’n, så han hadde vorti hefta, og det tok til å bli skomt mellom trea.

Dette er heilt sant. Ein mann frå Iler var på vegen heim att frå Aulisetra. Da han var kommen nedetter eit stykke, fekk han se eit kvinnfolk frammi vegen. Men ho gikk gali og drog inngjennom skogen. Mannen ropte da på a og sa: Nei, vegen går her den! Da vart a borte med eitt. Ho sokk liksom ende ned; men i det samma stakk det så til i pungen hans, og inna mannen nådde heim, hadde det hovna opp og vorti riktig vondt. Bestefar hans, kjø(ke)mesteren, gjorde åt for det, han, og da vart mannen snart bra att.

(Erik Grensen)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *