Internt referansenummer: B – 12.04.2016
Kilde:
LIV OG LAGNAD
FOLKEMINNE FRÅ SØR-ODAL
Av:MAGNE ALTROM
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 48
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG)
1942
Prenta hos Johansen & Nielsen — Oslo.
Klikk her for å lese ”Føreord”

Trollty – Ein mann såg nissen…

 

Ein mann såg nissen da’n arbeidde i Steinbråtån. Mannen var ikke redd, men sto og betrakte han ei lang stund. Så kom arbeidskameraten hans borttil, og han fekk se nissen, han au. Da sa han:

«Men i Jøssu namn, hå er detta?»

Da vart nissen borte.

Kjerringa til denne mannen tente som jente på Grønnerud for omlag 60 år sia. Det var vatn under golvet der ho låg, og det skulle holde til tuss der, vasstuss. Så var det ein dag noen ungguter holdt leven med jenta, og ho vart så sint så ho banna.

Men natta etter vart a tussebetin i låret, og orka ikke stå opp om mårån. Det var tydelig merke etter tre tussetenner.

Merka var så blanke at det skein i de. Så begynte låret å hovne opp. Jenta låg sjuk i mange vikur, og ho vart ikke bra før Johan Torsrud kom og gjorde åt. Ho trudde ho skulle døytt.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *