Internt referansenummer: B – 12.04.2016
Kilde:
LIV OG LAGNAD
FOLKEMINNE FRÅ SØR-ODAL
Av:MAGNE ALTROM
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 48
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG)
1942
Prenta hos Johansen & Nielsen — Oslo.
Klikk her for å lese ”Føreord”

Trollty – Tussebett

Den tida han Per D. var ung og sprek, kom han ut for noe rart ein gong etter han hadde vori hos jentene på Ellingsrud. Da han skulle heimover att på måråsida, var eine foten vorten så nommen og vond, og trutna opp gjorde den au. Til sist måtte han dra av seg støvelen og hinke seg fram i hosoleisten. Til alt hell møtte han mor si. Ho hadde nok vorti redd for’n, for guten var noe lite uvettug av seg somme tider.

Da mor hans fekk se foten, så skjønte ho med ein gong at’n Per hadde fått tussebett. Men ho tok straks til å doktere på’n. Og ho dreiv med mange ting. Ho både sputta på foten og bles på’n, og attåt mulla og les ho noe som Per ikke fekk rett tak i. Han festa seg berre ved desse orda:

« — til helvedes pine på ein fredags lime.»

Men foten vart god att.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *