Internt referansenummer: 16.06.09 – A
Kilde:
GARD OG GREND
FOLKEMINNE FRAA ØSTERDALEN I
NORSK FOLKEMINNELAG III
Av:
SIGURD NERGAARD
(Klikk her for å lese om Sigurd Nergaard)
KRISTIANIA (NORSK FOLKEMINNELAG 1921)
Prenta hjaa Johansen & Nielsen

Trønes

Fyste kyrkja i Stor-Elvdal skal vera bygd paa Trønes taa ein som heitte Trond, den fyste som tok kristendomen der i bygda. Han kom ein gong, over fjellet aat Gudbrandsdalen, og der raakte han ei gjente, heitte Ragnhild. Henne tykte han so godt um han fridde aat henne med det same, og ho svara det, at dersom han vilde kristna seg, skulde ho bli hans. Han tok daa kristendomen, og ho flutte til Trønes. Der bygde dei so kyrkje paa garden sin, og tomtene skal ein enno kunna sjaa.

Sidan vart kyrkja flutt. Um det var kyrkja hans Trond eller ei seinare kyrkje skal vera usagt, men ei kyrkje var det som reiste i ein isdam ein gong. Der kyrkja no staar dreiv det to stokkar i land og vart liggjande i kors, og so vart kyrkja uppsett der.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.