Internt referansenummer: 27.03.2009 – A
Kilde:
SOGNE-STUBBAR
Ragnar Kvamme
Teikningar av Odd Børretzen
EGET FORLAG
OSLO 1962
”Til minne om mor og far som båe sette stor pris på ei god soge.”
Klikk her for å lese ”Forord”

Tronge vegar

sogne-stubbar_-_tronge_vegar_063
Vegane i Sogn har ikkje alltid vore så rette og breie som ynskjeleg kunne vera. Særleg då lokalvegane. Dette har ført med seg at det ikkje har vore så greitt å koma fram med bil.

Det fekk og den nye distriktslækjaren som kom til ei av sognebygdene kjenne. Han var svært varsom og køyrde forsiktig og alt gjekk godt.

Ein dag innhenta likevel lagnaden han. Han kom køyrande, og etter å ha runda ein sving, nådde han att ein mann på sykkel. Mannen køyrde til siden, men vegen vart for smal og han hamna i grøfta. Han reiste seg opp, børsta av kleda og var svært interessert i om sykkelen hadde teke noko skade. Då så ikkje var tilfelle, laga han seg til å dra vidare. Han kom då til å sjå nærare på bilen og såg at det var den nye distriktslækjaren som køyrde.

Då stana han, spytta ut tobakken, kremta og sa turt:

«Du er ute og sankar pasientar skjønar eg.»

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *