Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

Trua var ikkje så sterk lenger

Ein mann frå Viken ved Aursunden fortel at da han var gut-ungen var han med bestemor si på sætra. Mannen er no i 80-åra og han kjem vel ihug korleis bestemora ordna seg på sætra.

Når dei kom fram til sætra om vårane bruka ho alltid å gå føre dei andre inn på sætervollen, og med det same ho kom innfor vollutgaren huja ho innetter mot sæterhusa.

Kva ho gjorde det for – jau ho ville varsla om at no kom gardsfolket så tussane fekk koma seg ut med sitt. Dei hadde budd i husa heile vinteren og dei trong da eit lite pusterom til å koma seg unna. Når ho så steig over dørstokken bruka ho å spørja om å få vera i husa til hausten. Ja ho sa også kor lenge ho ville få lov til å vera.

Så ein vår hadde dei ny tenestgut i Viken. Han var i verste gapalderen og hadde hørt at den gamle bruka å spørja. No ville han ha moro og lura seg til å springja i førevegen. Han kom seg inn i bua og kraup innunder senga.

Der låg han og venta til den gamle kona kom inn.

Ho spurde om å få lov til å låne husa til ein fastset dag utpå hausten. Da svara med grannt mål under senga:

–    ”Jaha.”

Men guten berga seg ikkje. Han gav seg til å knissa. Den gamle kona vart først mållaus og undersam. Men da guten kom krabbande fram unna senga vart ho arg og let sopelimen dansa over ryggen på gapen. Slikt skulle ein ikkje driva ap med. Dei kunne koma til å hemna seg. Ho tolte ikkje denne guten seinare.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *