Internt referansenummer:B-000019
Kilde:
I MANNS MINNE
GAMAL VALDRES-KULTUR III
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1944
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese om Andres Olson Grefsrud

Truer um liv og lagnad

Fødd med seierluve

(Hjå Andres Olson Grefsrud)


Det var ei gamal tru at den ungen som var fødd med seierluve (surve sa sigelshuve), skulde bli ein rangsperson eller ein hoglærd ein. Han Erik på Jorde var fødd med seierluve. Ein gong var han på tinget. Der sette han upp med skrivaren, fordi han ikkje skjønte vitni rett. Då spurde skrivaren:

«Hvor har du din mening fra?»

Erik svara:

«E har de her i frå.»

So peikte han på ein kul han hadde i skallen.

«Her e visdomskul'n min! O so e e fødd me seierluve, e, ska e seia de!»

Frå den tidi var skrivaren redd han Erik på Jorde. Når Erik sidan var på tinget, gjekk skrivaren stødt stad helsa på han og sette fram ein stol åt han.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *