Internt referansenummer:B-000019
Kilde:
I MANNS MINNE
GAMAL VALDRES-KULTUR III
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1944
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese om Andres Olson Grefsrud

Truer um liv og lagnad

Stundom kunde ein bli lurd

(Hjå Andres Olson Grefsrud)


Stundom kunde ein bli lurd. Me hadde ei grannekjerring. Ho hadde nokre ulidelege fantar til søner. Ein gong var kjerringi so klen. Den eldste guten hennar var heime. So gav ho han eit ullplagg og bad han gå på Røns-kyrkjegarden etter eit bein, helst eit kjakabein. Ho sa honom vel føre. Ja, guten laut då gå. Men so la han vegen um trevet heime hjå seg, og der fann han eit srnåkrøterbein, som han tulla inn i ullplagget. Um ei høveleg rid rusla han inn til mor si med det. Kjerringi vart glad, sa nokre ord og strauk seg med beinet. Skulde denne rådi mune, laut ho ikkje sjå på det. Då ho var ferdig, la ho beinet inn i ullplagget att. Det var endå hovudplagget sitt ho nytta. So sa ho guten vel føre korleis han skulde leggje beinet nett der han hadde teke det og takke for lånet. Guten sprang ut og kasta beinet der det best fall. Då han um ei stund kom innatt, hadde rådi alt munt so mykje at mori var mykje likare. Det var ikkje lenge før ho var heilt gangfør att. Dette sa guten til meg sjølv etter han var ein vaksen kar.

Han sputta langt, kalla mor si ei tåsse som trodde på slikt, og so skrata han so kaldt.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *