Internt referansenummer: B-April-2020
Kilde:
KYNNEHUSET
VESTEGDSKE FOLKEMINNE
Av: Peter Lunde
NORSK FOLKEMINNELAG VI
KRISTIANIA (NORSK FOLKEMINNELAG)
1924

 

TRULOVING OG BRYLLUP

BRUDSKEID

Naar ei gjenta i Aaseral var huga paa aa verta gift, tok ho ei tom knivskeid i handi, og faren og dotteri fylgdest til kyrkja ein preikesundag.

Naar dei kom til kyrkja, gjekk faren fyre, og ho tett etter han med skeidi i handi. So sa faren til dei som stod ikring: Dote mi vi manna seg idag! – og gjenta la sitt ord til: Ja, d’e sant far segje!

Var det daa einkvan av gutarne som vilde hava gjenta, so gjekk han burt til henne og sette kniven sin i slira hennar. Daa var dei trulova. (Eikjen).

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *