Internt referansenummer:B-April-2020
Kilde:
KYNNEHUSET
VESTEGDSKE FOLKEMINNE
Av: Peter Lunde
NORSK FOLKEMINNELAG VI
KRISTIANIA (NORSK FOLKEMINNELAG)
1924

TRULOVING OG BRYLLUP

DET STERKE EPTESTØL-ØLET

Besta til forteljaren skulde hava Kollben i Heiæ i Fjotland. Gamle Pær i Eptestøl, far til gjenta, var sers nøgd med giftarmaalet. – De fall meg vèl, de fall meg vèl! sa han.

Daa Kollben kom til Eptestøl i fylgje med Atlak, far sin, skjenkte Pær dei noko fjellsterkt øl. Han sette fram ei stor skaal for dei.

Aa, gudd trøst okke! Kòss ska me faa emne paa detten! sa Atlak til sonen, daa dei hadde smaka paa ølet.

Daa dei hadde drukke vel og lenge, tok Atlak til aa verta ustød paa føterne. So vende han seg til sonen og sa: Aa, gudd trøst okke! Kòssen ska me nò bli a’ me detten!

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *