Internt referansenummer:B-April-2020
Kilde:
KYNNEHUSET
VESTEGDSKE FOLKEMINNE
Av: Peter Lunde
NORSK FOLKEMINNELAG VI
KRISTIANIA (NORSK FOLKEMINNELAG)
1924

 

TRULOVING OG BRYLLUP

VEKKJA HUGEN

Bestefar til forteljarens far skulde vera fraa ein by som heitte Hallen.*1) Han var so spræk og fin ein kar. Ein gong fekk han eit stort eple av ei gjenta. Han tok og kløyvde det, og daa fann han tri blodsdropar i det. Han kasta eplet ifraa seg. Han skyna gjenta hadde vilja venda hugen hans til seg. (Bjelland).

**********

Dei skrapa noko av hesteselen, det var visst for aa faa dei til aa elska seg. Dei brukte urin au. (Fjotland).

**********

Ein gut fraa Heiæ i Fjotland, blanda eitkvart i ein drykk og gav ei gjenta, det var visst urin. Han vilde so gjerne hava henne, men han visste ikkje um ho vilde. Det vart giftarmaal med dei.

*1) Maa vera Halla (Fredrikshald)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *