Internt referansenummer: 31.08.2011 – BOK
Kilde:
MAGRE VILKÅR – FRÅ GRENSEBYGDER OG FINNSKOGER
Haakon Garaasen
OLAF NORLI
OSLO 1924
Andre samlinga.

Trysilkjeringa

Trysilkjerring

Ei trysilkjerring.
Amatørfoto av P. K.

Trysilkjeringa. «Ittnåkå lærde je og ittnåkå kan je og ingjenstadna har je vori, såpas så je fekk sjå eit jønnbanetog tessmeir. — Vart lenge å vente på ‘na Trysilbanen au! Fekk je sjå eit jønnbanetog, vart det lulla med meg som med ‘na trysilkjeringa du veit, ho som sku’ innpå Hemarka dit stad sjå om ‘n Ola bror sin. På Elvrom jønnbanestasjon sto det oppstelt eit krøtertog, uendes så langt. Det fans ein folkvogn med i toge au, og dit inni krak ‘o seg, ‘na trysilkjeringa. Men det rokk og det vara og toge stod; ein time, ein time til. Just da det var tida toge sku’ rusle seg avgarde, tok ‘o knyte sitt og kom seg tå att. Hort ska’u no’a? Krek deg på att, tullhuvu! Det æ tida no! gørpæ ein hesthandlar åt’o. Sku’ med sama toge han au. Ai ai! Det her kjem alder i vegen! jamræ ho. Men ho krok seg da på att. Og det ramla i vegen og ramla kvast au. Dei var for seine i ruta og laut kjøre innatt tida. Men da vart kjering-ase skræmd. Ho nappæ knyte sitt og vilde stad kute ‘tå att, stol-hête. Til all lykke hell ulykke fekk hesthandlarn tak i ‘o att han og heldt att ‘o, annars veit du kjeringklênan hadde bruti tå seg både bein og ar-mar. «Hort’u tenkjer deg du lel, støllskalle?» vilde hesthandlarn veta. «Hort je tenkjer meg? Tenkjer meg åt Hemarka je! — dit stad sjå om’n Ola bror min!» «Hort helst på Hemarka?» «Aat Løten!» «Ja men så sett deg att da, veit-je! Vi kjem da åt Løten no!» «Ai ai! Det-her stanar alder mer! Alder i verda hell!» jamra seg ‘na kjeringpuken. «Roa deg roa deg, gôa mor! Det stanar nog berre vi når stasjon, ska’u sjå! Men kuter’u tå toge no, kjem du nog helst åt ein annan stasjon du! — anti åt Eltorp hell Paradis he he!» godprata hesthandlaren åt ‘o, no han såg hoss illsvien ho var og laut tykkje synd i ‘o, kreke. Og trysilkjeringa roa seg og toge stana på Løten stasjon og ho ut med knyte sitt glad til, dit stad treffe ‘n Ola bror sin he he — —!»

(Ljøsstad Børe.)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.