Internt referansenummer: 03.05.2011 – Bok
Kilde: Humor og folkeminne frå det gamle Kvinesdal
Av Ånen Årli
Trykk: S. Bern. Hegland A.S. – Flekkefjord november
Illustrasjoner av Kåre Sandvand (“Sandis”)
Klikk her for å lese “Forordet”

Tua i Røydanslia

Det er ingan gard i Kvinesdal som er så ofte nemnd i tingbøkene som Røydan. For over 200 år sidan blei det uvenskap mellom Røydan og Øvre Egeland. Og i mange år tretta Røydan med Espeland på heia om eit jordstykke som heiter Kjeråsen. Då nekta folk frå Øvre Egeland å vitna til fordel for Røydansfolket, endå dei var av same slekta. På Røydan døydde slekta ut på mannssida, og det ser ut til at svigersønene til lensmann Thomas Isaksen var svært trettekjære.

Grunnen til uvenskapen var at djevelen gjekk kvar natt mellom Øvre Egeland og Røydan og heldt uvenskapen ved like. Men på sine gamle dagar fekk han vondt i beina og måtte kvila på vegen. Han hadde ei tue i Røydanslia som han sat og kvilte på.

Før var denne tua synleg. Men det er lenge sidan. I dag er ho godt gøymd under E 18. Det kjører i hundretal bilar kvar dag utan å tenkja på kven som brukte tua under vegen før vegen blei ferdig i 1905.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *