Internt referansenummer: 15.04.2009 – A
Kilde:
I GAMMELTIDA
Folkeminne frå Hemne prestegjeld
Av: Henrik Sødal
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 104
UNIVERSITETSFORLAGET
OSLO 1969
Klikk her for å lese ”Føreord”

Tufsane bakar til jul

Det var bra å gjera seg til vens med tufsane i jula òg. Folk kunne minnast at dei på Selnes i gamle dagar rydda fint opp på låven julekvelden og bar bakstehylla dit, så tufsane kunne bruke ho. Oppi Likroka er det fortalt at dei bar både bakstehylla, fjøla og spøo bort på låven julekvelden.

Somtid kan ein sjå ein blåkvit ljoske utpå marka når det er mørkt, helst over myrane. Det er tufsane som brenner ljøs.

Ane Klungervik, f. Tannvik, bondekone, Snillfjorden, f. 1852
Marit Sinnes, f. Lihaug, bondekone, f. 1894, dotter til Lars Lihaug sen.

 


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.