Internt referansenummer: 15.04.2009 – A
Kilde:
I GAMMELTIDA
Folkeminne frå Hemne prestegjeld
Av: Henrik Sødal
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 104
UNIVERSITETSFORLAGET
OSLO 1969
Klikk her for å lese ”Føreord”

Tufsane kastar etter folk

Han Ola Nordvik’n fortalde om den gongen han tømra fjøset sitt. Ein dag gjekk karane ned åt sjøen for å hente meir materiale. Da kom eine tømmerbila susande ned frå tømringa, gjekk midt imellom dei og ned i jorda så det saud. Karane var da eit skottmål frå husa, og det fanst ikkje folk oppå tømringa.

Ein annan gong kom han Ola opp frå sjøen. Da kom det ein stein susande frå fjellet og ned i åkeren ved sida av han så moldspruten stod omkring. Dette var langt frå fjellet. Og så var det ein merkeleg stein, av eit anna slag enn fjellet elles. Han Ola trudde fullt og fast at det var tufsane som var framme, både da og elles. Ho Marja, kjerringa, trudde òg på tufsane. Når ho sat og mjølka, hørte ho ofte kor dei for og kjørte høy oppå lemmen.

Ola Lyngen, bonde, Vuttudalen, f. 1837. Var stolt av at han var jamgammel med formannskapslova.


 


Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *