Internt referansenummer: 15.04.2009 – A
Kilde:
I GAMMELTIDA
Folkeminne frå Hemne prestegjeld
Av: Henrik Sødal
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 104
UNIVERSITETSFORLAGET
OSLO 1969
Klikk her for å lese ”Føreord”

Tufsar i grisehuset

Ola Lyngen fortalde om ein kali «borti bortre grenda» som meinte at tufsane heldt til hos grisene hans. Han tok da øksa og gjekk bort i grisehuset og ropa: «Ha dokk frå griso’ henne, og ha dokk borti Smørberje denne’» — Dette berget er fullt av små hol og hellarar. Og det seiest at folk gjømte smør og ost der i gamle dagar når det var ufred. Derfor vart det kalla Smørberget, seier dei.

Ola Lyngen, bonde, Vuttudalen, f. 1837. Var stolt av at hav var jamgammel med formannskapslova.


 


Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *