Internt referansenummer: 15.04.2009 – A
Kilde:
I GAMMELTIDA
Folkeminne frå Hemne prestegjeld
Av: Henrik Sødal
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 104
UNIVERSITETSFORLAGET
OSLO 1969
Klikk her for å lese ”Føreord”

Tufsar på Eidssetra og på Sinnes

Ho var no elles borti tufsane fleire gonger, ho Beret. Ein gong råka ho på dei utmed Eidssetra. Det var ursmå, blå kallar. Dei labba og gjekk fort. Ho hørte bjøllene av buskapen deira òg, men ho fekk ikkje sjå krøtera.

Peder Hovdan, lærar og bokmann, Bærum, oppvaksen i Hemne, f. 1874, d. 1966

Ho Mildrid Sinnes såg ofte tufsane. Somtid sopa ho opp rusk og rask etter dei. «Dem skjit heilt oppå bordet mitt», sa ho og viste fram for ho mor det ho hadde samla i ein tresko. Ho mor såg mest ingen ting der. Men ho Mildrid både såg og hørte tufsane. Ho hadde namn på del òg. Ein kalla ho Eno.

Inger Sinneshaug, f. 1856


 


Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *