Internt referansenummer: 24.06.09 – A
Kilde:
HALLINGDAL OG HALLINGEN
Av:Anders Mehlum
Utgjeve av Mehlums vener
VILLVOLL SKRIVESTUGGU, RØYSE, RINGERIKE 1943
Webergs Boktrykkeri A.s, Oslo
(Klikk her for å lese Forordet, som omhandler Anders Mehlum (med bilder))

Tuftekallen og Storeveltén

Storeveltén, som budde ved Rotnheim i Gol, og ein til var ein haust til arbeids på ein støl på veståsen. Fram på kvelden, då arbeidet var slutt for dagen, låg Storevelten på ein krakk framfyre peisen og såg til med ei potetgryte han hadde hengt på over eldsmælet. Han andre låg burt i sengi. Rett som det var sprang døri upp. Veltén reiste seg arg, so han banna, og let att døri. Og so la han seg på krakken til å kvile att. Men ikkje før hadde Velten lagt seg att so sprang døri upp atter og inn kom ein liten tuftekall i rau toppluve. Han spratt og dansa burt-etter golvet, lo og sa:

«Hopp, hopp, — her æ guten som sulla se sjøl, her!» Dermed hoppa han ut gjenom hurde (døri) att og skratta og lo. Men Veltén vart med det same hivd av krakken og lukt burt i sengebardet, so det berre sukka i ‘n. Og dette endå det er visst, at inkje anten tuftekallen eller nokon annan godt som hadde teke i’n.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *