Internt referansenummer: 24.06.09 – A
Kilde:
HALLINGDAL OG HALLINGEN
Av:Anders Mehlum
Utgjeve av Mehlums vener
VILLVOLL SKRIVESTUGGU, RØYSE, RINGERIKE 1943
Webergs Boktrykkeri A.s, Oslo
(Klikk her for å lese Forordet, som omhandler Anders Mehlum (med bilder))

Tuftekallen på Røo

På Røo i Kvislen var det før i tii ein nisse eller tuftekall som helst heldt til i stallen eller i øvre stugun på garden. Når han vart sinna kunde han rumestere reint fælt. Ein gong hadde Røo-mannen ein tømmermann heitte Klemens og nokon andre arbeidsfolk. Um kvelden sa han til folki at han hadde ikkje soverom annan stad enn i øvre stugun, men der vart det vel ikkje fred å få for tuftekallen, so det var vel best dei gjekk heim kvar til seg. Men både Klemens og dei andre sa, dei var ikkje redde tuftekallen. Og so gjekk dei upp i stugu. Dei høyrde det luska og tasla og gjekk på golvet der, men dei såg ingen. Karane tok no til å nau-banne og slå i bordet. Men då kom det liv i tuftekallen! Mjølki i baline som stod i hyllone skvatt mest upp i taket, slik rugga og skokst alt som i huset var. Ein trudde tid for tid at heile huset skulde ramle i hop. Ei stund etter vart det stillt og roleg, og um morgonen stod mjølkebaline der heilt urørde, som ingen ting hadde hendt.

Ei tid etter kom det ny mann på garden, og han trudde ikkje på og brydde seg ikkje det minste um tuftekallen.

Eit års tid etter brann fjøset på garden. Det var tuftekallen som hemna seg. Då huset stod i rau loge, såg dei tuftekallen i rau toppluve sitja til skrevs over møningsåsen, midt inne i logen, og grena og lo so det var reint tå lagje. Sea har ingen set tuftekallen på Røo.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *