Internt referansenummer:B-000023
Kilde:
Segn og tru – Folkeminne frå Møre
Samla av Martin Bjørndal
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 64
OSLO 1949
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese en kort biografi om Martin Bjørndal.

Tuntreet


På Svidhaugen, Folkestad, Volda, var eit gamalt tuntre. Det var ei stor ven hengebjørk. Men no tok ho til å «skore på honna» som dei seier.

Ivar Svidhaugen grunda lenge på um han skulde hogge tuntreet. Det kunde verte mykje både emningsved og brenneved av det.

Ei julaftan tok han storbila, gjekk bort til bjørka og hengde oksa på ei grein og sa:

«Fær eg lov å hogge deg, so må oksa henge her i morgon.»

Juledags-morgonen låg oksa på høgebordsenden i stova.

Tuntreet fekk stå.

Frå Volda ved Ole O. Reite d. e. 1925.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.