Internt referansenummer: 16.11.10 – A
Kilde:
LIFJELL I FARNE TIDER
Ei kulturhistorisk bok i samband med 20 års jubileet for Lifjell grunneigarlag
Av: HALVOR SEM
LIFJELL GRUNNEIGARLAG HEDDAL 1983
ISBN 82-991086-0-8
Teledølens Boktrykkeri, Notodden
(Klikk her for å lese ”Forordet” skrevet av Reidar Skår)
(Klikk her for å lese ”Innleinga”  av Halvor Sem)

Turismen i Lifjell i farne tider…

Påske, Lifjell, herlig tanke,
sol på høye fjell.
Lune skar og hvite vidder,
lavlandsliv farvel.
Hei, vær hilset gamle gubber!
Å, hvor godt det gjør!
Sånn fra fjell til minste stubber.
Møte alt som før!

Glekse, Jørån over Østen.
Himing langt i nord.
Jønnbu, Hølln, Mæl om Slåkja.
Paradis på jord!
Utfor går det så det svimler,
lukt i bygda inn.
Aldri ser du slike himler,
sol og stjerneskinn!

Den eigentlege turisttrafikk er ikkje serleg gammal i Lifjell. Det var heller liten trafikk i fjellet utan om dei som hadde si næring der. Vanlegvis var det ein del samkvem mellom dei som sat på same roet og med dei som var på granneroa. Folka på gardane gjorde seg og fjellturar i periodar då det var mindre å gjera heime eller at dei av og til tok seg ein helgetur. «Høgbøllturen» var turen som vart gjort etter at våronna var ferdig. Da var det ein rolegare periode fram til slåttonna. Difor høvde det godt med ein fjelltur for å sjå til stulsjentene da. Rimlegvis var det slik at stulsjentene såg med forventningar fram til å få besøk og høyre siste nytt frå bygda. Det vart flidd og pussa og ordna slik at det skulle vera så fint som mogleg når heimfolket kom. Ja, det hende til og med at stulsjentene vaska steinane på stulsroet for at det skulle vere reint og pynteleg når karane kom.

Seinare oppdaga og byfolk Lifjell, og den eigentlege turisttrafikken byrja. På Gavlesjå vart det ikring 1880 sett opp ei hytte av to frå Oslo, Winsnes og Rollsted. På Hølln var desse og mykje saman med dr. Dåe. Dr. Dåe hadde kjøpt Høllen og sette i 1903 opp ei stor hytte der som

i dag gjer teneste som turisthytte. Desse farta mykje ikring i Lifjell, og dei innleidde det me kan kalle turismen der. Med seg hadde dei Sigurd Kultan frå Bø. Han var kjentmann, hjelpesmann, rorskar og altmoglegmann for desse byfolka når dei var i fjellet. Kvar sommar låg dei nokre veker i Lifjell og kosa seg.

Reskjem

Rekjem var utgangspunkt for turar innover Lifjell. Biletet er frå 1920.
Fotograf ukjent.

Verten_p_Tjonnstul
Verten på Tjønnstul i 1946: Leiv Jamtveit. Sitjande bak: Ein turist.
Fotograf ukjent.

Fyrst på 1920 talet byrja Ola og Torjus Folkestad frå Bø å byggje ei turisthytte ved Gavlesjå. Dei hogg tømmer på austsida av vatnet, frakta det over og reiste opp hytta sjølve. Tomt hadde dei fått av Grenegardane i Aslakstul. Hytta ligg svært fint til i hellinga frå Ljoslihovet mot Gavlesjåvatnet, og står den dag i dag. Da hytta stod ferdig, tok dei mot gjester. Særleg var hytta godt besøkt i påskene. Da kunne det vere opp til 50 personar som kunne overnatte der. Ein viss trafikk kunne det og vere der om somrane. Ei tid hadde Ola og Torjus kokke med seg slik at gjestene kunne få ligge der i full pensjon. Mat og proviant bar Ola og Torjus opp på ryggen frå Bø. Det er ikkje vanskeleg å tenkje seg at dei må ha slite mykje dei åra dei dreiv. Ola og Torjus var godt likte av alle, og det er mange som har gode og glade minne av den eldre garde frå dagar på «Folkestadhytta». Der var det både liv og ståk, særleg i påskene. Anne O. Moen (f. 1896) fortel at Ola og Torjus ofte var på Gavlesjåstulen og henta mjølk om somrane. Ola kom med flissekkar frå byggjinga deira slik at Anne kunne nøre opp under primysta. Han hogg ved og drog separatoren, og var alltid hjelpsom og grei. Så vart det ein koseleg prat over kaffikjelen etterpå, fortel Anne. Ola var så flink til å «tulle». Han tulla på gangarar og springarar støtt. «Når eg var ute og gjette, stakk eg ofte innom hytta deira. Da var Ola ferdig med slåttar med ein gong, og Torjus og eg dansa. Olav var ein elegant kar. Han hadde vore i Amerika, og var liksom litt «fin» på det. Dessutan var han så flink til å pusse og stelle. Snille og greie var dei båe to», seier Anne.

Turistar som var innom hytta til Ola og Torjus, kom opp frå Årmotdalen i Bø, Reskjem og Aase i Heddal og frå Sauland. Særleg var det stor trafikk opp frå Reskjem. Reskjem gard og pensjonat var i mellomkrigsåra og ei tid etter krigen, eit viktig utfartsmål for folk i Heddal og på Notodden. Vinterstid var det sett opp skibussar frå Notodden om sundagane, og elles var det mange som leigde seg inn på Reskjem. Det kan nemnast at nokre aplinistar frå Snøgg laga ei slalomløype frå Reskjemnipen og ned på Reskjemvatnet. Dessutan var det mange turløyper som hadde Reskjem som utgangspunkt. Ei av dei mest populære gjekk inn Fjellbekkdalen, forbi Grønbygjil og inn til «Folkestadhytta». Derifrå var det kort veg til det indre av Lifjell. Ola og Torjus tok alltid venleg imot dei som kom. Drifta av «Folkestadhytta» fekk ein tragisk slutt. Ola Folkestad fall utfor ei «klopp» i Årmotdalen med 25 kg proviant på ryggen. Han fall ned i den steinlagde elvebotnen og var død med ein gong. Dette hende ein mørk haustkveld i 1953. Ola var åleine denne gongen, og han vart seinare på kvelden funnen av Torjus. «Kloppen» hadde vorte glatt på grunn av regnver, og Ola hadde glidd med den tunge børa.

Seinare vart det bygd ei turisthytte på Lindeburoe og ei på Tjønnstul. Også der var det stor trafikk både vinter og sommar. Dette var fine utgangspunkt for turar innover i Lifjell, som Røysdalsnuten, Tjorbu, Blomtjønneggi og Jårånnatten. Eilev Landsverk fortel at han har brukt både Tjønnstul og Lindeburoe i samband med påsketurar. Han minnest spesielt siste påska før freden. Da låg han på Lindeburoe saman med nokre kameratar. Dei sat nede i peisestova skjærtorsdagskvelden og song dei gamle songane «Mellom bakkar og berg» og «No livnar det i lundar» og liknande. «Me kunne eitt og to vers og så blei det ikkje stort meir. Men så kom det ein kar ned i ei stor blå underbukse og sette seg mellom oss og song. Han kunne songane. Det var kringkastingssjef Olav Midttun. Etter denne kvelden vart me godt kjente, og resultatet var at me kom til å gå saman kvar dag på turar resten av påska. Me får rundt heile Lifjell. Det var fint ver og skyfri himmel og skare med fin styresnø på. Me rasta i solliene, og hadde på alle måtar ei slik påske som ein kan drøyme om. Olav Midttun hadde god greie på Lifjell, og var svært godt kjend. Han var mykje nede i Bø, og hadde hytte der».

Ein av dei siste dagane i påska kom det melding gjennom radioen at det ikkje var lenge før freden kom. På Lindeburoe var det forholdsvis fritt, så der var det radio. «Nei, nå må eg heim att», sa Olav Midttun, og så forsvann han. Det minnet eg har frå den påska, sit lenge, seier Eilev. Ein annan gong fortel Eilev at han var saman med ein som heitte Reidar Dalen frå Oslo. Då gjekk me runden rundt Røysdalsnuten, Tjor-bu, Leirtjønnn og Godålån. Så sat me oppi ei solli og rasta. Me hadde heile panoramaet framføre oss, og den storfelte naturen gjorde eit sterkt inntrykk på oss. Da sa han det at eg har farta rundt over alt i den sørlege delen i Norge der det skal vera fint, men makan til dette her har eg nok ikkje sett!

Turisthytta på Lindeburoe blei sett opp av Gjermund Seigard Åse. Ola og Andres Wilhelmsen Dålån lafta opp hytta i 1940-41. Tømmeret til hytta vart hogge i liene ved Lindeburoe. Tømmeret var grovt, men svært kvistut, så det var eit kjempearbeid å telje stokkane med bilene. Osvald Nilsen køyrde tømmeret fram til byggeplassen med hest. I samband med drifta av turisthytta på Lindeburoe, bygde Gjermund Åse på våningshuset heime for at langvegsfarande turistar skulle få overnatte der før dei tok vegen til fjells. Gjermund Åse hadde i fleire år samarbeid med Skien—Telemark Turistforening om drifta av Lindeburoe, og trafikken var ikkje liten. Særleg sommarstid og i påskene, kunne det vera fullt. Det kunne vera opp til 40 gjester der. Stort sett måtte turistane ordne med mat og forpleiing sjølve. Osvald Nilsen transporterte proviant for turistane. Om vinteren gjekk han på ski og bar provianten på ryggen. På sommarstid brukte han hest og kløv. «Turistane ville gjerne ha med øl til fjells, og me fekk 50 Øre flaska for å bera inn til Lindeburoe», seier Osvald. Det var mest byfolk som brukte turisthytta. Ein gong kom det ein lite øvd fjellmann til Lindeburoe, seier Osvald, han kom inn i fjellet med hatt, frakk, paraply, kuffert og lakksko. På turen oppover hadde han gått seg vill og tatt vegen over sjølvaste Røgnlifjellet. Lakkskoa var visst ikkje fine etter fjellturen! «Det var ein raring», seier Osvald, «han passa ikkje til terrenget».

Turisthytta på Tjønnstul blei bygd under krigen. Den høyrer til Baugerud. Tømmeret blei hogge i liene rundt stulen. Golvbord og himlingsmaterialer vart drege med handmakt vinterstid frå Breistul til Tjønnstul. Eit forferdeleg slit, seier Sverre Jamtveit. Tjønnstulhytta har alltid blitt drivi privat. Det var helst folk frå Heddal og Notodden som nytta ho. Her stelte dei seg sjølve, men når det var drift på stulen, fekk dei gjerne kjøpe stulsprodukt og brød. Det var i åra rett etter krigen at trafikken var størst. Dei tok 2 kr. natta pr. person for overnatting den fyrste tida, fortel Sverre Jamtveit. I moltetida kunne det vere opp til 28 personar som fekk husly der. Om somrane kunne det vera ikkje så liten føringstrafikk for turistane. Vinterstid vart det bore proviant på ryggen for dei. Harald, Olav, Torleif og Sverre Jamtveit dreiv med dette.

Kristen Bakken frå Heddal må nemnast i samband med turismen på Lifjell. Han var og med og hjelpte til med oppføringa av Tjpinnstulhytta. Få har tråla så mykje på kryss og tvers i Lifjell som hak. Han var kjent over alt. Når det leid mot moltetid, var han alltid på plass. Molter fann han støtt. Om det var svartår, og andre ikkje fann meir enn dei kunne ha bæra i handa, kom Kristen heim frå Lifjell med fulle holkar. Han visste alltid kvar dei «sikre» og lune stadene var.

Birger Finnerud frå Notodden må og nemnast. Han låg mykje på Tjønnstul. Merkinga av dei fyrste turistløypene på Lifjell var hans verk.

Ein kan ikkje omtala turisttrafikken i Lifjell utan å nemne Høllén. Sigurd Kultan, Nils Kultan Folkestad og nå seinare Halvor Folkestad har drivi med gjestemottak der. Mange har hatt Høllén som mål for turane sine. Her har det til ei kvar tid vore gjestfrie vertar som kan by fram ein flott natur i rein og frisk høgfjellsluft. Sommarstid har det alltid vore stulsdrift på HølMn. Dette har i seg sjølv vore ein attraksjon for turistane. Vinterstid og særleg i påskene, har det vore mykje folk der, gjester og dagsturistar. Vide kjent er dei såkalla Langfredagsmessene på Høllenn. Der kunne det vere 3-400 menneske. Folk kom frå alle kantar for å oververa den høgtidelege gudstenesta i «den mektige katedralen» under Jårånnatten. Det var nokre speidarar som låg nede ved Jønnbu som hadde med seg ein leiar som tala der. Det heile var enkelt og høgtideleg og gav påskehøgtida eit meir reelt innhald for alle dei som var møtt fram.
Langfredagsmesse
Langfredagsmesse på Høllén.
Fotograf ukjent.

Daaehytta

Daaehytta på Høllén i 1905 med det amerikanske flagg på mønet.
Fotograf ukjent.

Mange kjente personar har fått kjenne og oppleva den vakre naturen på Lifjell. Kulturhistorikaren og skribenten Jon Homme frå Bø er ein av dei. I ein artikkel i Dagbladet den 19/8 1972 som han kallar: «Buskapen var fergeflekker på dei grøne vollane» skildrar han dei gode gamle tidene på Tjønnstul.

«I den lese-boka me brukte på skulen då eg var liten, stod eit stykke som eg likte så umåteleg godt. Eg kunne lese det om att og om att, og mest like gildt var det kvar gong. Det var om eit par smågutar som var med foreldra med buskapen til sæters. Sætra låg som ei sæter skal liggja, på ein fin voll med ei tjørn like nedanfor vollen. I tjørna var det fisk, og han var ikkje vanskeleg å få. — Ja, det med tjørna og fjellauren var det gjevaste av alt. Det me i stykket fekk vita om kyrne og om gjeting, mjølking og ysting, var vel nok, men det var nå arbeid det. Å fiska derimot, det var spenning og moro. I mi heimbygd var det ‘kje stølsdrift, og det gjekk mange år før eg kom til ei sæter. Men så vart eg buande i Telemark. Dermed blei eg kjend på Lifjell, eit større fjellområde midt i fylket, ein liten fjellheim for seg sjølv, ein Jotunheim så å seia. Til Lindeburoe, ein av stølane på Lifjell, var det svært gildt å koma. Der var det gamaldags sæterdrift, og der var det beste fiskevatnet på heile Lifjell, Store Movatn. Og likevel, det var ikkje på Lindeburoe, men på grannesætra, Tjørnstøl, draumen vart oppfylt. Då me kom dit ein godversdag fyrst i juli 1946, kona og eg, måtte eg undra meg storleg. Dette var som i leseboka. Nett slik hadde eg tenkt meg den sætra me las om der. Ei stor stølsbu, eit par fjos og ei hytte låg på vollane under ei brei fjellside med lauvlier og små myrdrag, og nedunder vollane ei tjørn.

Folket på sætra var eit eldre ektepar. Dei og svara til idealet, snillslege og pratsame som dei var. Buskapen var stor, så det blei mykje liv og mange fargeflekker på dei grøne vollane når det leid til kvelds. Men det gildaste var tjørna, eller tjørnene, rettare sagt. Det er to tjørner på Tjørnstøl, Tjørnstøltjørna og Kruvla. Kruvla ligg litt lenger nede i terrenget, ikkje like framfor buene som Tjørnstøltjørna. Fisk var det i begge. Han skulle vera lettast å få i Kruvla, så eg gjekk dit fyrst. Og han beit mest like viljug som i lesebokstykket. På ein halvtime fekk eg to aurar, runde og feite var dei, og godt marka vog dei. Det var nok til å byrje med, just passeleg mykje til smørbrødpålegg til kveldsmaten.

Morgonen etter var det aller finaste sommarver, det vil seia sol frå blå himmel og mest stille. — I godver på fjellet er noko av sjarmen å gå berrføtt ned til ei tjørn eller ein bekk og vaska seg der. Det er ei nyting å kjenna det rue finngraset kitla under fotsolane, og det er ei like stor nyting å vassa ut i vatnet og så stå der å vaska andlet, hender og armar. Og så er det fuglesongen, lauvsongaren fyrst og fremst. Tidleg på sommaren er den fuglen mest utrøyttande. Han syng så og seia i eitt frå klokka tre-fire om morgonen til i ni-tida om kvelden. Av og til høyrer ein det lange ds j er r et til bjørkefinken og dei friskare tonane til sivspurven. Og så er svala og linerla, raudvengjetrasten og andre kjenningar med i koret.

I krattet mellom krunglebjørk og skjeggute grantre blømer skogstjerna. Skogstjerna på grøn botn, noko kvitare ser ein snautt, skogstjerna er den mest tirøygde blomen i heile skogen. På myrane står myrfivelen, eller myrulla og vippar. På avstand ser det ut som dei kvite små ballane skulle liggja fritt og sveva over myra, haldne i ei viss høgd av ei eller anna usynleg kraft. Og så har ein tid til å fiska heile dagen, og mange dagar. Du store tid kor godt ein har det sumtid i iammerdalen. Den fyrste morgonen på Tjørnstøl venta eg ikkje til eg hadde ete før eg var nede ved den næraste tjørna og slengde sluken. Og det var eventyrleg, det var som i leseboka, han beit mest med ein gong. På ti-femten minuttar fekk eg to fjellaurar av beste slag, kvar av dei vog eit halvt kilo. Så godt gjekk det ikkje alltid sjølsagt. Men ein må seia at det stort sett var lett å få fisk på Tjørnstøl i 1946. Det var lett då eg kom att i 1949 og, og i 1950 og 1951. Eg vart ikkje vonbroten, draumen gjekk i oppfylling fleire gonger.

I dag og kan draumen verta oppfylt når det gjeld landskap og livleg fuglesong. Men noko vesentleg manglar. Sæterdrifta er det slutt på. Det løner seg ikkje lenger, anna arbeid svarar seg betre. Og kyrne skal forast sterkare enn dei blir på ei sæter. — Og fisken i tjørnene er så godt som utdøydd. Den sure død har slege i hel auren på Lifjell som så mange andre stader i Agder og Telemark. Så nå er Tjørnstøl ein draumestad, og blir vel snautt anna heller. Endå eg har nå ei lita von. Kven veit. Kunne det ‘kje henda at bøndene i Heddal atter kjem til å dra til sæters med buskapen, og kunne det ‘kje henda at det atter blir fisk i Kruvla og Tjørnstøltjørna. — «I drømme der er alt så smukt».

Doktorhytta

«Doktohytta» på Gavlesjå frå 1904. Ein større uthogst var i traktene her på den tida.
Fotograf ukjent.

Paa_Gavlesjaastulen

På Gavlesjåstulen i 1904. Frå venstre: ca. jur. Arne Fliflet, seinare advokat på Notodden, advokat Rollsted og ein engelsk student.
Fotograf ukjent.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *