Internt referansenummer: 09.02.2022 – BOK
Kilde:
Gamle Hallingdal
Hefte nr. 3 – 1985
Samlet inn av: Paul Breiehagen
Redaktør: Sigbjørn Tormodsgard
Hallingprent Forlag A.S
1985
https://www.hallingdolen.no/

Turistskyss med gardsgamp

Når ein har i tankane turisttrafikken i Hemsedal i dag, med skiheisar og alpinanlegg, moderne og store turistbedrifter av alle slag, trafikken med alle svenskebussane og elles, kan det vera interessant å sjå på eit bilete som dette; Eirik Hølto på veg til Feten innanfor Grøndalen, i trettiåra, med påsketuristar.

Eirik fortel at den første som tok til med utleigehytte deromkring var Knut Sletten, like før første verdenskrig. Etterkvart tok folk til å leige ut stølsbuer. Det var ikkje mange i førsten, men det auka på. Ein og annan frå byen kjøpte seg tomt og bygde hytte.

Det var ikkje brøyta veg inn til Grøndalen så seint som i trettiåra. Vegen vart tråkka og tilkøyrt som ein annan fjellveg. Det gjekk buss til Tuv, og turistane vart henta der. Det hende at førefallet kom, og ein måtte bruke to reiskap, både for hjul og meiar. Det kunne ofte vera temmeleg plundresamt når det tok til å bryte gjennom i vetrevegen. Ofte var det fleire hestar i rekkje innetter.

— Det kunne vera triveleg med, seier Hølto. Dei fleste turistane var i godt humør, og somme kom att år etter år.

Den første tida hadde dei med seg alt dei trong, av både mat og klede frå byen. Etterkvart sende dei kjøpelister til butikkane i Hemsedal, som pakka og køyrde ut til visse datoar, slik at det stod klart når turistane kom.

Det var nok heller skrale hus dei fleste stølsbuene, etter notidas krav. Men ein var ikkje vane med anna, og ei tid var dette ein ettertrakta påskeferie. Prisen for ei bu i påskeveka var frå eit par hundre kroner og oppover til 300 kroner, og då stod det opp til dei som leigde kor mange dei ville vera. Sengetalet hadde dei fått oppgjeve.

Kva skulle dei ha for køyringa? Nei, det var oftast gratis. Det låg i leigeprisen for bua og var service. Det var eit ord dei neppe kjende til då, det berre var slik.

Det var nok av gardsgampar den tida. Dei fleste måtte køyra sine varer og mjølk til meieriet og varer heim att.

Etterkvart ebba det ut med å få leigd ut stølsbuer. Krava vart større. Nokon bygde utleigehytter som kom på moten. Den store hyttebygginga kom i femtiåra og fekk ei oppbløming. Med ny trafikk. Men krava har stadig stige. No er det slett ikkje nok med fin natur. Hytta må ha elektrisk straum, det er sjølvsagt, men også innlagt vatn, bad, og gjerne meir utstyr og.

Også gardsgampen er nesten borte, oljehesten har tatt over. Difor, kjem det ein hest etter vegen no, med slede og bjølle, er det ein liten attraksjon.

H.d. 19. januar 1985.

Turistskyss med gardsgamp. Fotograf ukjent.

 

Mer informasjon om heftet «Gamle Hallingdal»

Serien «Gamle Hallingdal» går no i Hallingdølen på sjuande året.

Både i 1983 og i 1984 gav me ut ein del av bileta med forkorta tekst i bokform. Og her er me med tredje utgåva.

Det er journalist Paul Breiehagen som har hovudansvaret for «Gamle Hallingdal» både i avisa og denne boka. På dette stoffområdet er Paul Breiehagen utan tvil «rett mann på rett stad». Få kjenner bygdesoga for Hallingdal betre enn han, i tillegg har han hatt bygdebøkene å stø seg til og ein del av stoffet har han fått fram gjennom samtaler med kjentfolk (til dei ymse bileta).

Det er vår von at me med desse hefta er med og reddar verdifull informasjon for ettertida.

Ål 20. oktober 1985.
Sigbjørn Tormodsgard

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *