Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

Turu låg att

På Røttum i Støren skulle folket inetter å slå sætervollen. Dei var ferdige med slåtten heime og tok sæterslåtten som ferie. Alle gledde seg til å slå vollen og såg fram til den dagen heile som-maren.

Da dei kom mest opp på åsane hørte dei nokon som sprang innetter skogen. Det var mange føter som sprang. På ein rydning fann dei ei turu (turu – kjøkkenredskap til å røre for eksempel grauten i gryta med – redaktørens anmerkning) som det enda sat varm graut på.

Tussane hadde sprunge ifrå reidskapen sin, og turu tok dei vare på og ho fans lenge på garden. Ho var fingjort og beinande hard i veden.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *