Internt referansenummer:B-000016
Kilde:
Etter gamalt
Folkeminne frå Gudbrandsdalen III
Av: Edvard Grimstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 71
OSLO 1953
Sverre Kildahls Boktrykkeri
Klikk her for å lese ”Føreord”

Sjuker. Åtgjerder


Sjuker har det stødt vore nok av, og råder for dei har det heller ikkje vanta. Somt har hjelpt, og somt ikkje, og så har det vorte, før som nå, at ”somme har levt all si tid, og somme har døydd når tia kom”.

Tuss-bet

Det hende at folk fekk vonde og såre finger, dei trutna og slo ut i verk, så det såg ut som dei skulle vore bitne av ein stor kjeft. Dette kalla dei tuss-bet.

Rå'i for det var å finne ein liten sopp i skogen som dei kalla tuss-sopp. Den skulle dei gnu på såri. (Skjåk.)

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *