Internt referansenummer:B-000015
Kilde:
Etter gamalt
Folkeminne frå Gudbrandsdalen IV
Av: Edvard Grimstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 83
OSLO 1959
Sverre Kildahls Boktrykkeri
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese ”Etterskrift”

Tuss-Jo


Det tek nå til å bli noko lenge sia han Tuss-Jo livde. Det er namnet som har halde minnet um han uppe. Han var noko tomsot og rar tå seg og fekk såleis namnet. For det meste for han og rak
gardimillom, og så hamsot han var klædd var det nok ein artog selle å sjå på. Eit plagg for lite og eit plagg for stort, knapp-laus brok og skakk-knept trøye, det var klæbona'n hans Tuss-Jo. Når nokon kom til å kneppe skakt vest eller trøye, så var ordtaket at han «knepte Tuss-Jo.»

Han gjekk erend for folk, og bar ei bo' hit og ei onnor dit, og fekk såleis høve til å reka rundt i bygd'n.

Ein gong han kom åt Tofte på Dovre, skulde det vera eit stort lag på Taulstad på Vågå, og Tofte-folket var au be'ne åt laget. Men den gongen var det noko grått og grugge millom dessa storgardom, og for skikkeleg å vanvør'e dei på Taulstad, sende Tofte han Tuss-Jo til bryllaupsgarden med helsing og sending. Han kom vel fram og vart motteken som dei andre gjesten' med mat og skjenk. På Taulstad skjøna nok fynta, men lest som inkje.

Det var eit stort lag, og um stugun på Taulstad var både mange og store, vart det for lite sengjerom for natt'n. Sume måtte difor ligge på fjostrevet, og ein tå desse var han Tuss-Jo. Men fin seng hadde han fått, med både dyne og bløye. Slik lego var nok ikkje han vand med, og slett ikkje slik sengjebott, for sengje var reidd over måsåholet. Men det visste ikkje han Tuss-Jo. Han var trøytt etter fjellvegen, og velta seg attlenges ne' i sengje med desse ordoms «Det er nå Taulstad som Taulstad er.» Sia har dette vorte ordtokje her i bygdom.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *