Internt referansenummer: B-28.03.2012
Kilde
TUSSAR OG TROLLDOM
Av: Kjetil A. Flatin (Klikk her for å lese om Kjetil A. Flatin)
Ved Tov Flatin (Klikk her for å lese om Tov Flatin)
Norsk Folkeminnela nr. 21

Kristiania
1930
Klikk her for å lese «Fyreordet»

Tussane byter bonn

Tussane sat so um tak med aa faa byte til seg bonn, som høyrde kristna folk til, og so la dei att sine eigne i staden. Dei var grysjeleg ljote og avskapelege, og vart kalla bytingar. Det var kje beint aa faa byte umatt. Den einaste utveg var aa reise utpaa dyngja med baane tri torsdagskveldar paa rad og so ris-dengje det rett dugeleg der. Baane tuta og gret fælt, og daa raaka det at tussane ynkast so yvi baane sitt, at dei kom og bytte umatt.

Folk i gamle dagar var so seroms varsame med nyfødde bonn, førr dei hadde vori til daapen. Det muna aa leggje staal i vogga og salmeboki under puta; men ein maatte endaa ikkje vera trygg. Aldri maatte ein gange ut ifraa dei og lata dei liggje att aaleine inni stogo, og heller ikkje maatte ein taka dei med utangards. Men naar dei var døypte i kyrkja, so hadde ikkje tussane magt med dei lenger.

*     *     *

Paalag 1800 hende det, at ei kone utanfraa Heidi i Selgjord var paa veg til kyrkja med baane sitt, ei liti gjente, som skulde døypast. So tok kona ein beinveg aaleine med baane yvi nokre aasrabbar. Kva ho so hadde aa gjera, so la ho baane nedmed seg og gjekk sjov nokre steg ifraa attum ei buske, so aller snøggast.

Daa ho kom attende og skulde taka upp baane sitt, so vart ho so reint ille med, for ho kunde ikkje kjenne det att paa sett eller vis. Den vesle vene gjenta hennar hadde vorti so avlage og ljot, at det var reint grøteleg aa sjaa. Det kom for kona med det same, at tussane hadde vori der og bytt. Men ho kunde inginting gjera med det, reiste med baane og døypte det og nemnde ikkje eit ord til nokon um det, som hendt var.

Baane voks upp; det var gjente, men lite menneskjelag paa ho. Ho vart mykje gamall au, tett innpaa hundre aar daa ho døydde.

*     *     *

Paa Øvland i Ytre Selgjord, daa gamle Olav budde der, vælso hundre aar sea, var tussane tidt aa sjaa.

So var det ei nott, Olav og kona laag aaleine inni stogo. Dei hadde eit lite baan, som endaa ikkje var døypt, og det laag mil-lom dei i sengi. Daa det leid paa notti so vakna kona og vart so til seg at det var fæle ting — for daa var baane burte. Ho vekte upp Olav, og dei sprang frampaa golve reint forskræmde baae tvo. I det same ser dei snerten av eit kvende, som smøygjer seg ut dynni og bli burte. Ute i svali høyrde dei baane tuttra og gret, og der fann dei det att heilbrigda. Tussekvende som hadde teki det fekk ikkje stundir til dragse det lenger.

*     *     *

Ein gong paa Strandstoul, daa Knut og Kari livde der, var det ein dag, at Kari laag aaleine inni stogo i ei seng attmed dynni, ho hadde nyleg legje paa seng, og hadde eit lite baan jamsides seg. I ei onnor seng, burtmed glase, laag ei gamal legdekone. Kari laag so og dorma og halvt søv; men legdekona var vaki. So gjeng døri stilt upp, og tvo framande konur smøygjer seg inn. Den eine bar paa eit baan i fange. Dei stanar attmed sengi, der Kari ligg, og den eine, som hadde baane, sette foten uppaa sengeskori og luter seg nedaat Kari, og vil sjaa og lyde um ho søv.

«Jou, ho søv godt den megga naa!» sa ho og vende seg til den andre.

Men no bar legdekona i aa fæle, og so ropa ho og skreik paa Kari mest ho orka. Daa kvakk konune so dei skjagla mot veggen, og burte var dei i same rappe.

Gamle Kari Gaasdalen i Selgjord var gift andre gongi med Hallvor Austgarden fraa Flatdal, og so budde dei paa Gaas¬dalen nokre aar.

Ein dag fysststundes i slaatten ligg Hallvor innpaa sengi og kviler, dei andre er ute, berre eit lite baan ligg og søv i vogga attmed sengi. Best det er so somnar Hallvor. Men straks etter vaknar han att og bli vare ein framand kar som luter seg ned yvi vogga og vil taka upp baane. Hallvor kvakk so ‘n hoppa høgt, for baane sitt, treiv slirkniven i handi og slo armen yvi vogga. Framandkaren hopa seg undan og slengde ei byrd med ljaa paa borde og baud Hallvor kaupa ljaa. Men daa Hallvor ikkje vilde kaupe, so slengde han byrdi pa ryggen att. Og so segjer han:

«Vi du bea bro’ din, at ‘n ikkje ringjer saa hart mæ kjørkjeklokka.»

So var han burte.

Bror til Hallvor var kyrkjetenar og ringjar i Flatdal, han. Hallvor reiste eins ærend til Flatdal og sa bror sin dette, og han slutta aa ringje alt til fysste messa.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *