Internt referansenummer: B-28.03.2012
Kilde
TUSSAR OG TROLLDOM
Av: Kjetil A. Flatin (Klikk her for å lese om Kjetil A. Flatin)
Ved Tov Flatin (Klikk her for å lese om Tov Flatin)
Norsk Folkeminnela nr. 21

Kristiania
1930
Klikk her for å lese «Fyreordet»

Tussane er hjelpsame i Kvitseid

Paa Austanaa i Kvitseid, daa gamle Tor og Marte livde der (kring midten av 1700-tale), var det ein haust at dei var so ille stelde for skurdefolk. Ein fælande stor ven aakerteig var so skjer at kanne draus, og ikkje fanst det eit menneskje aa faa til skjera. Dei fann daa paa og vilde gjera dugning paa aakeren, som so ofte vart bruka i gamle dagar, naar det hasta med eit arbeid.

Tor og Mari bryggja og baka som til det gildaste lag. Dei bryggja i eldhuse, og kvelden fyre dugningen skulde vera, stod øle der ferdugt-gjengi i eit kjer. Um notti høyrde dei det gnavla og avensera so paa aakeren, og trakka og tassa so i eldhuse. Og dei høyrde det mulla og rødde:

«Alle kan skjæra
ingen kan bændelen gjæra.
Me jutar aa bitt,
te førr bli me kvitt.»

Um morgonen vart ikkje Austanaafolke lite forundra —daa laag heile den store aakeren skorin. Men bandi var jute-bundne, og ingin her i bygdane visste av sovorin maate aa binde konnband paa førr, og sea vart det kalla aa jutebinde, som tussane hadde kalla det. Det var fordi at ein vanleg bendil likna ein kross, at ikkje tussane kunde binde soleis, som vanleg var.

Daa Tor og Marte kom i eldhuse og vilde sjaa til øle, so var det uppdrokki, berre ein litin kveik-sope var att. Tussane hadde teki øle i bitaling for arbeide. Men daa Marte skjulde kveiki utor kjere, so fann ho paa botn tri, fire sylvskeidir, som tussane hadde lagt att. Skeidine hev sea fylgt garden fraa mann til mann, og namne av Tor stend paa dei.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *