Internt referansenummer: B-28.03.2012
Kilde
TUSSAR OG TROLLDOM
Av: Kjetil A. Flatin (Klikk her for å lese om Kjetil A. Flatin)
Ved Tov Flatin (Klikk her for å lese om Tov Flatin)
Norsk Folkeminnela nr. 21

Kristiania
1930
Klikk her for å lese «Fyreordet»

 

Tussane hemner seg

Lensmann Hallvor Lid i Selgjord (fødd 1760) budde paa Gjuve i Selgjord eit bil. Hallvor trudde so fast paa tussane, han. So var det ein stor stor stein nedi Livlikhaugen, som gamle Bjønn Gjuve hadde bala so med. Det var ikkje vidare i bruk endaa aa mine og skjote stor stein, som dei vilde ha or vegen i aakeren og andre stadir der det raaka, og so hjelpte dei seg med aa kaste upp holur og grava stein nedi jordi.

Bjønn Gjuve hadde gravi ned denna steinen fleire vendur; men kvar gong vart han hevd uppatt or holo um notti.

Han trassast lengi soso med tussane; men seinstpaa vart lensmannen leid detta, og so bannstøytte han steinen til aa liggje, der han var nedgravin. Etter denna tidi kom ikkje steinen uppatt. Men straks etter miste kona til Bjønn vite, Marte heitte ho, og vart aldri rett snild sea.

Hallvor var viss paa, at det var tussane som hemnde seg soleis.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *