Kilde:
I SKREDDARTIMEN
Av Jens Haukdal
Folkeminne frå Gauldalsbygdene
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 87
OSLO 1961
Universitetsforlaget

Tussane kunne vera hjelpsame.

Ei kone ved Hauka i Soknedal har fortald underlege ting om tussane der i garden. Frå gammalt har garden vori kjent for å vera eit tussbol. Det har også vori fortalt om reale skrømt som skulle vera å sjå i ei av stovone på garden. I seinare år har det vori stillare omkring alt som har med skrømt og tussar å gjera.

Kona fortalde at tussane kunne vera sers hjelpsame. Ja, dei var beint fram verdfulle medarbeidarar i det daglege ståket. Såleis hadde ikkje kona noko bry med å setja frå seg bøttone når ho skulle opna fjøs- eller grisehusdør. Ho ropa berre:

– Hå opp døra åt me!

Og så gjekk døra opp av seg sjøl. Kor mykje som er sanning av dette, kan det nok vera ymse meining om, men det er døme på andre som har hatt god hjelp av tussane. Derfor kan det nok henda at denne kona fekk hjelp med dørene i eit knipetak.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *