Kilde:
I SKREDDARTIMEN
Av Jens Haukdal
Folkeminne frå Gauldalsbygdene
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 87
OSLO 1961
Universitetsforlaget

Tussane lånte bruksting.

Den gamle kona som tala så mykje med tussane når ho dreiv med det daglege arbeid, kunne ofte sakna bruksting i kjøkken eller stove. Det var snart ei skei, ein kniv eller liknande. Ho tok aldri dette så tungt, humsa berre og lo så smått med seg sjøl, og så kunne ho seia:

– Døm har vørre i bet att no sjer e. Kjem vøl att med di når døm ha bruka det ifrå se.

Noen dagar seinare kunne ho finna att tingen på den vanlege staden. Dei hadde lånt og komi attende med lånet.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *