Kilde:
I SKREDDARTIMEN
Av Jens Haukdal
Folkeminne frå Gauldalsbygdene
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 87
OSLO 1961
Universitetsforlaget

Tussane lika ikkje heljarn.

På garden Økdal ved Hauka hadde tussane tilhald i gammal tid. Det blir fortald mange underlege soger om underjord-ingane kring denne garden. Garden er også ein av dei eldste i stroket.

Ei tid hadde tussane bustaden sin under lofttrappa. Tenestgutane hadde fått heljarn under skoene, og det small retteleg godt når dei gjekk på troppa. Så var det ei jula at karane hadde fått nokså mange drammar under vesten. Den eine skulle ut og fora hestane til natta, og han steig heller tungt i troppa da han gjekk ned frå loftet. Tussane for da på han og slo han i marka da han kom utfor døra. Han kom seg opp og hinka inn att, men foten ville ikke bera, og da han skulle sjå etter, var foten hoven og blå frå okla og opp til kneet. I fallet hadde han hørt noko om heljarn og uro i nattekvila. Dagen etter reiv karane heljarna unna skoene, og seinare var det ingen som slo føtene unna dei når dei skulle ut.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *