Internt referansenummer: B-28.03.2012
Kilde
TUSSAR OG TROLLDOM
Av: Kjetil A. Flatin (Klikk her for å lese om Kjetil A. Flatin)
Ved Tov Flatin (Klikk her for å lese om Tov Flatin)
Norsk Folkeminnela nr. 21

Kristiania
1930
Klikk her for å lese «Fyreordet»

Tussane og barnsølkjerringane

Det var kje berre nyfødde bonn tussane sat etter, det var likso faarleg for mori, so lengi baane var udøypt. Barnsølkjerringane maatte aldri liggje aaleine, utan einkvar sat og vakte yvi dei, og aldri maatte dei gange aaleine ut um kveldane, og ikkje reise utangards. Detta galdt, um dei var aldri so friske, og um det var aldri so lengi etter, naar berre baane var udøypt.

Tor Gunleikson Nordgarden i Selgjord var lensmann i bygdi fraa 1720 til 1730. Kona hans heitte Gro og var dotter til Hølje Minsgjord i Flatdal.

So var det ein gong Gro laag i baanseng, og husmannskona Gonhild Runningen akta henne paa seng, og vakte yvi henne og baane um nættane. Men so ei vott vart Gonhild so ille svemntung, at ho bar i somna. Daa det leid paa litt, so vakna ho i at baane gret so fælt. Ho kvakk upp og sprang burt til sengi og vilde sjaa — daa var Gro død.

Det fór yvi henne som kaldt vatn, og ho ropa paa Tor, at ‘n maatte koma, og heile huslyden var straks samla kringum sengi. Men Gro laag der bleik og kald, der var ingi von, ho var død, og det var sut og graat paa dei som att livde.

Um morgonen bar dei ho ut og la ho paa likstraa paa laaven. So bryggja dei og brende og baka til likferds. Det drog lengi ut, førr dei var i full stand med alt, fysst i fjortendagars-dagen skulde likferdi vera.

Alle skyldfolki vart bedne, og so heile grannelage, det skulde vera eit ovlag. Paa Uppebøen budde ein hogstall som heitte Svein. Han skulde vera lagsmann og styre og rettleide med alt i lage. Dei hadde serskilte folk til det i gamle dagar, for det var kje alle som høvde til det og fekk noko gjerd paa lage; men Svein Uppebøen var makalaus soleis.

Likferdsdagen kom, og daa det leid utetter til dugurmaal, so hadde alle likferdsfolki samla seg, berre ikkje Svein. Han skulde no med retten vori den fysste, og so drygde han soso i dag, og ikkje kom! Alle undrast paa detta, og stirde og venta ei lang slotu. Ingin ting maatte gjerast, førr lagsmannen kom.

Jau, so endeleg bli dei vare Svein burti vegen, at han kjem — men det fylgde ei kone med honom. Folk undrast og gat so paa, kven i all verden detta var for ei.

Ho var so kjennleg au, det var ei ho likna so; men ingin vilde segja det dei meinte. Ho likna Gro eti, som var død.

«Men hosne i all verdens jor aa rikje æ detta laga daa»? sa folki, rugga paa hovude og krossa seg.

Gro var det au, ho bar endaa paa ei sendingskorg. Tor vart reint ille ved, han, og stod som ‘n var klumsa.

Daa Svein kom inni tune, so gjekk han radt forbi likkista og las ikkje yvi ho som skikken var; men beint inn i stogo sula han, og kona fylgde etter. Dei fôr daa med soli rundt i stogo og helsa paa alle som inne var, og folk stirde med for-skræmde augur og gapande kjeft paa framandkona. Gro var det. Daa Svein kom burt til Tor, som hadde hykt seg ned paa sengi og sat med armane i kross yvi bringa, so reiser han paa seg.

«Hoss i Jøsses navn æ detta laga, Svein! Hot æ dæ fe kjering, du hev mæ deg. Eg tyss dæ æ Gro, eg!» segjer han.

«Ja, nettupp Gro, kjeringji di, æ dæ! Hoss hev du akta ‘o paa seng, du daa? Ha kje eg vore, saa ha ‘o vore hougtekji av tussænn naa. Men her flir eg deg ‘o att like go,» segjer Svein.

«Hot æ dæ de les ivi dera daa?» segjer han til Tor, og peikar burt til likkista.

Der hadde det nett komi ein mann som stod med knepte hendar, og las yvi kista. So tok dei lake av, og saag nedi. —Daa laag der berre eit askeskryte. Folk krossa seg og undra seg, meir den meir orka, aldri hadde nokon anten høyrt eller sett slikt jordebisn førr.

No fortalde Svein samanhenge med alt ihop. Han hadde vori med Nordgardskvennhuse og male um notti, og so vilde han heim med ei mjølhit paa morgonsida og tok beinstig yvi ækrune og upp til Nordgarden. Som han hadde komi ein stubb uppetter, so bli ‘n vare tri kvende, som gjekk aa leiddest. Han drog straks kjennsl paa den millomara, at det var Gro Nordgarden som laag i baanseng, og so skyna han, at det var gale paa ferde, treiv so slirkniven sin og kastar yvi henne.

Daa vart dei tvo burte, men Gro stod att. Ho gjekk paa okle-treskorne og var i berre skjurta og stakken, utan hovudplagg.

Der hadde vori tvo tussekjerringar og teki henne, i det millomrome daa aktarkjerringi hadde somna, og so hadde dei lagt att ei skryte i sengi, som for folke-augo saag ut som det var like av Gro.

So la Svein yvi med Gro, at no skulde dei finne paa eit puss, som kunde vera so uspart folki hennar. Gro fylgde med Svein til Uppebøen og var der i løynd i kammerse, og han heldt ei aktarkjerring til aa passe henne heile tidi, med dei laga til likferd etter henne i Nordgaren.

«Men naa vi me ture brylløpp aa barsøl paa ei gong,» sa Svein.

Og so drakk dei og tura paa Nordgarden, og det var glede og gaman i heile lage.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *