Internt referansenummer: 14.03.2011 – Mail
Kilde:
”Gamalt og nytt frå Nissedal”
Nissedal Historielag

Tussane på Bratterud

Etter Knut Dukane

Bratterud var plass ovanfor Teigen og Strånd. Olav Ansteison budde truleg på ein av desse plassane. Landstad har etter tussar sett nissar, og det er nok rett, alt skulle tyde på at det var nissar som huserte på Bratterud.

På Bratterud i Nissedal var eit par folk som fekk så fin ein kalv, han hadde alle slags fargar. Det var snart å sjå at det var ein tussekalv og kona ville derfor setje han på, men mannen tok og selde den. For det blei tussane sinna på han. Og det som var endå verre: Han tok seg til å hogge ned ei selje som stod opp under fjellet, og som hadde stått der urørd så lenge nokon kunne minnast. Kjerringa bad for selja og spurde om ho ikkje kunne få lov til å stå for ”ho var så fin å sjå på”, sa ho. Men det hjelpte ikkje, der var både godt lauv og god ved i ho, og dertil eit par rekeevni”, han hogg ho ned.

Men då dei la veden på varmen spraka og small det i han som det skulle ha vori ”pinegrån”. Mannen fekk ein troti i den eine armen så han kunne ikkje lee ein einaste led. Så ville han årelate seg, men han fekk ikkje blodet ut, der kom bare ein kvit våg. Nå tok tussane til å bli ”uregjerlige og leie” og gjorde folka vondt frå alle kantar. Dei kaste steinar inn i stoga til dei, korleis det gjekk til kunne dei ikkje sjå, for døra blei ikkje ”uppleta”, men den eine steinen kom dansande inn etter den andre.

Ein gong kasta dei heile jordeple. Dei var ikkje som vanlege jordeple, men helst laga som egg og hadde noko ufatteleg rart ved seg. Ein kveld då tussane blei alt for illi, måtte folka reise frå huset og ned til grannen sin, Olav Ansteinson. Der låg dei om notta. Då dei kom heim att blei dei ikkje liti forundra då dei såg at alle steinane var burte, endå der hadde vori kasta inn ein heil haug. dette varde og rakk ei lang tid, men enten det nå var med vilje eller ikkje, så trefte aldri tussane nokon og ingen kom til skade.

I løa og fjøset var leven og uro jamt og samt. Guten som dreiv og treskte såg noko fare opp og ned på lødeveggen som eit lode skinn. Når han hogg ved, hadde dei trøgt av han og nappa veden burt, så når han hadde kubba og kløvt og streva rektig lenge, så hadde han ingen ting att. Då lo tussane så godt: ”Ha, ha, ha!” Til sist gjekk kjerringa ein torsdags kveld burt til løa for å tale tussane til rettes. Ho spurde dei alvorleg kvifor dei heldt slikt uskikkelig leven. Var det noko dei ville, fekk dei sei til. Og var det slik at folka på Bratterud hadde gjort tussane noko galt, så var det ikkje med vilje gjort, og ho bad om tilgjeving. Frå den tida vart det meir roleg.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *