Kilde:
I SKREDDARTIMEN
Av Jens Haukdal
Folkeminne frå Gauldalsbygdene
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 87
OSLO 1961
Universitetsforlaget

Tussane på Gynnildsætrene.

På Gynnildsætrene (Fossøm) var det mykje tussar i garmmal tid. Dei tok inn i sæterhusa om haustane når folket flytta heim, og så var dei i husa heilt til våren. Det var ei gammal avtale at slik skulle det vera. Når så folket kom flyttande med dyr og lass om våren og dei kom frampå Skaret, ropa sætertausa:

«No kjem e, no vil e fløtt inn og dokk må fløtt ut.»

Dette måtte dei ropa frå Skaret, så tussane fekk tid til å flytta med seg brukstinga sine og koma seg unna.

Frå Skaret såg dei da korleis tussane gjekk frå vollen. Det blenkte og skein i kopparkjelane der tussefolket svinta seg bort.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *