Kilde:
I SKREDDARTIMEN
Folkeminne frå Gauldalsbygdene
Jens Haukdal
OSLO 1961
Universitetsforlaget
Med spesialtillatelse fra slektninger

Tussane på sætra i Oppdal

Ein mann i Oppdal var på sætra innmed Gjevilvatnet. Det var i jakttida og kyrne var henta heim. Mannen var einsam på sætra.
Mannen hadde nett lagt seg.
Da pusla det ute i gangen, og så kom ein liten mann inn. Han såg seg ikring i bua, og så kom ei lita kjerring, og ei horg med små ungar hang i stakken hennar. Dei tok ihop og dansa på golvet.
Men så vart tusskallen arg og jaga både kjerringa og ungane ut. Ei lita stund etter vart også kallen borte.

Huldra kunne også vera framme.

På ei sæter i same grenda var ein mann einsam og hogg sommarveden. Det hadde vori ein hard arbejdsdag. Etter kveldsmaten roa han seg framfor pejsen med ei pipe tobald. og ein dram. Da kom ei trollvakker jente inn i bua til han. Han glømte både tid og stad og alt vart så underleg for han.
Først langt ut på morgonsia gjekk ho frå bua med ein underleg smil over ansiktet. Da ho stega over dørstokken såg han kurompa stakk fram under stakken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *