Kilde:
I SKREDDARTIMEN
Av Jens Haukdal
Folkeminne frå Gauldalsbygdene
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 87
OSLO 1961
Universitetsforlaget

Tussane på smiehaugen.

Ein av gatane på Økdalsberga var faren til Amerika. Det var i 1880-åra han fór. For noen år attende var han heime ein tur, og da fortalde han at han hadde sett tussar ved Økdal ein gong i grønaste ungdomen før han fór til Amerika.

Han hadde vori ein tur til Bruamoen og var på heimveg. Vegen gjekk over Økdalsjordet. Husa var flytta til ny tomt, men enno var dei gamle tuftene synlege. Serleg smiehaugen var godt synbar. Ja han er synbar den dag i dag.

Da han kom så langt opp at han såg alle husa på Økdal, fekk han sjå ei lita kjerring koma svintande om stallnova. Ho leidde ein liten gutunge med seg, og dei gjekk mot smiehaugen.

Han undra seg på kva slags folk det rett kunne vera, men så kom han på at det måtte vera tussar. Da dei kom fram til smiehaugen, bøygde kjerringa seg ned, og det var om lag som ho tak tak i ein ring og letta opp ei kjellarluke. Så tok ho gutungen under arma og tok til å stiga ned som nedover ei kjellartropp. Han såg at ho tok luka etter seg med den frie handa, — og alt vart borte.

Mannen stod ei lang stund og såg mot smiehaugen før han gjekk heim.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *