Internt referansenummer: B-28.03.2012
Kilde
TUSSAR OG TROLLDOM
Av: Kjetil A. Flatin (Klikk her for å lese om Kjetil A. Flatin)
Ved Tov Flatin (Klikk her for å lese om Tov Flatin)
Norsk Folkeminnela nr. 21

Kristiania
1930
Klikk her for å lese «Fyreordet»

Tussane paa Aasheim

Paa Vestigard Aasheim var tussane so hjelpsame, og det fylgde slik lukke og velstand med dei. Aldri var der naud for fôr eller mat, og aldri traut øle paa tunna.

Men so var det ein kveld, etter dei hadde køyrt inn alt konne, daa saag Aasheim-mannen, at der kom ein tusse nedanfraa aakeren, og han bar eit konnaks paa ryggen; uti tune sette han seg til aa kvile. Aasheim-mannen var so narrefus, han, og geipa seg med tussen.

«Ja, heilede trong du aa kvile ou naa, slik ryggjebyr som du heve,» sa han.

«Tyss du byri æ for liti, saa skaa ‘o a bli minder,» svara tussen, og so reiste han seg upp og la avstad att; men daa Aasheim-mannen saag etter ‘n, so var det ei dugeleg stor byrd.

Etter den tid gjekk det trauigare med alt for Aasheim-mannen. Øle vilde sjeldan vara joli ut, og um vaaro var han baade fôrlaus og matlaus. Det gjekk radt ut med honom tilslutt.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *