Internt referansenummer: B-28.03.2012
Kilde
TUSSAR OG TROLLDOM
Av: Kjetil A. Flatin (Klikk her for å lese om Kjetil A. Flatin)
Ved Tov Flatin (Klikk her for å lese om Tov Flatin)
Norsk Folkeminnela nr. 21

Kristiania
1930
Klikk her for å lese «Fyreordet»

Tussane paa Haugann

Paa Haugann i Ommersdal var so fælt med tussar i gamle dagar. Nord paa staalane, naar dei sat der med krøturi um sumro, so kunde dei sjaa og høyre dei til kvar dag. Raraste var det med ein stut, som heldt seg med buskapen heile ulangeleg sumaren, alt til dei flutte heim um hausten, daa vart han burte; men til kvart aar paa lang tid kom ‘n att. Han var ovlæte stor og brandsidut paa liten, og so paggende feit og so fin i haardæme, at det glinsa av ‘n. Kyrne løyp au med denna stuten, og kalvane dei fekk vart reint ovnaut so store og vene og vællaga at det var eit teikn aa sjaa, og mjølkenaut var dei reint umframs.

So ein dag stend stuten tvers yvi bilvegen, jamsides ein stor stein, daa hjuringen kjem med buskapen og skal heim.

«Tukke deg naa oto vegjen!» segjer hjuringgjenta og pikkar til ‘n med handtein, som ho hadde med seg og spann paa.

Men daa skal du ha takk, stuten kvorv burt midt for augo hennar, og aldri dei saag dogg eller døme til ‘n sea.

*     *     *

Um hausten naar folki hadde flutt heim av stoulane, so flutte alltid tussane inn i sele og heldt seg der um vetteren.

Ein gut paa Haugann totte det kunne vera forvite aa sjaa korleis detta hekk isaman, um det var sanning eller det berre var fanteri. So var det ein haust daa folk og krøtur hadde flutt heim, at guten gav seg att i sele og grov seg ned i sengjebose.

Um eit lite bil kjem det inn tvo tussekvende med kvar si kyr og set seg til mjølke so det sjugar i ryngjune. I det same reiser guten i sengi paa seg, tek so tollekniven sin snøgg som ein eld og hiv yvi kyrne, og so smyr han paa dynni og kyrne etter og kvendi deretter. Den eine av dei hiv ryngja si etter guten og raakar ein stor stein utanfyre selsdynni so han klovnar i tvo. Guten tok foten fatt heimyvi so heitt han kunde, og kyrne fylgde honom. Daa ropa kvendi etter ‘n:

«Ja hev du kjy’n, saa hev du kje navni!»

Dei hadde kyrne paa Haugann um vetteren, men dei vilde ikkje trivast, nei ikkje paa nokon sett eller vis. Turre og turve-leg heldt dei seg og lite mjølka dei. Dei la seg vinn um aa krikta med dei likast dei kunne. Dei gav dei høy og dei gav dei mjølk — aa nei, langt ifraa, verr og verr vart dei, so turre og so stygge, at ein mest kunde tru dei ikkje orka reise seg i baasune. Detta helst det med alt til um vaaren, daa dei hadde slept buskapen paa Haugann.

So var det ein dag i solgladsbil at Haugann-mann var nordi rustine. Daa høyrde han ei tussegjente
som lokka paa kyrne sine, og han kunde tydleg skilja namni pa dei.

«Ser du noko te kjyne mine i leite?» sa ho.

«Kjir Ringrei, Rangrei,
Kjimbrei aa Kambrei,
Hugaros, Hougros,
Lettfokk aa Louvros,
Ingebot, Vibot,
Husbrei aa Fribot,
Rosalin aa Drølin,
Drøkla aa Drengla!
Kjir Silkjedokka aa Gjæverei!
Kom Ringaliten stuten!
Naa hev eg alle kjy’n mine i leite
saa ner som Honnfokk aa Heimalin
gjeng atte i Hougann-beite.»

«Takk skaa du ha,» sa Haugann-mann med sjaveseg; «no fekk eg vita navni paa dei tvo tussekjy’n mine.»

Daa han kom heim, so var det det fysste han gjorde aa kalle paa kyrne, og daa dei høyrde namni sine, so var det som det kom eit anna liv i dei. Dei kom setjande og rauta so det hjala i fjølli, og so gloste dei so rart paa mannen, og store taarir trilla or augo deira. Etter den tid kom dei seg og vart feite og fine og mjølka og trivdest bra.

Det var nok namni sine dei hadde sakna førr.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *