Internt referansenummer: B-28.03.2012
Kilde
TUSSAR OG TROLLDOM
Av: Kjetil A. Flatin (Klikk her for å lese om Kjetil A. Flatin)
Ved Tov Flatin (Klikk her for å lese om Tov Flatin)
Norsk Folkeminnela nr. 21

Kristiania
1930
Klikk her for å lese «Fyreordet»

Tussane paa Loftsgarden

Sørn Loftsgarden i Selgjord livde i seinste halvdeil av 1700-tale; kona hans heitte Kristens. Ho var so tilvens med tussane, Kristens, og trudde so visst paa dei.

«Goan nissen lyt a faa sitt,» sa ho kvar gong ho kirna, og so tok ho av ei smørgaas, og so saup i ein bolle, som tus¬sane skulde ha.

Detta bar ho med seg og sette under ein gamall stor eike-stuve nedi Bratterein paa Loftsgarden. Kvar høgtidseftan bar ho øl og brennevin og av den beste mat dei aatte og sette under stuven.

Men so hadde nokre gutegapar vant seg til paa denna gjestebodskosten, og so var dei der, og aat og drakk det upp kvar Gong. Det var Eirik Meinstad som tende paa Lid daa, og Targei Skoland, som var isaman um det. Men so var det ei-gong dei hadde funni paa aa gjort sine ting i koppane. Daa vart gamle Sørn so harm, at han forplikta seg paa det, at no skulde ikkje nissen faa anten «hakke hell sleikje», naar han var so uslørtin. Men Kristens la so lite til, ho, og vilde no helst halde den gamle skikken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *