Kilde:
I SKREDDARTIMEN
Av Jens Haukdal
Folkeminne frå Gauldalsbygdene
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 87
OSLO 1961
Universitetsforlaget

Tussane sette kyrne.

Trua på at tussane sette kyrne har vori nokså vanleg heilt ned til vår eiga tid. I gammaltida var true så sterkt rotfest at einskilde hadde fullt arbeid med å hjelpa til å løysa slike tussflokar.

Kallane bruka å gå opp iliene der dei visste at kyrne bruka bli ståande. Dei hadde med seg munnladningsgevær som var lada med svartkrutt og julsalt til forladning. Når dei skaut dette julsaltet bort gjennom lia braut dei trollgarnet som tussane hadde sett ut til å halda kyrne. Silke skot vart løyste i Soknedal til i 1880-90-åra. Kva det no var eller ikkje var, kyrne kom no heimatt etter at julsaltet hadde reinska lufta.

Det hende ein sommar ho gamle Sid stelte på Nordløkkjsætra i Soknedal, at kyrne ikkje var til å få i hus. Dei kom framåt voll-utgarden, og der vart dei ståande pal. Ho fekk dei ikkje lenger same kor ho masa og kor ho lokka med dei.

Her var nok ikkje anna å gjera enn å søkja til bygdar. Ho skjøna, at det var tussane som hadde sett kyrne fast.
Ho gjekk beinast til Litjfrøseten. Han var mannen som kunne hjelpa med denne floken. Ho bar fram ærendet sitt, og han sat og hørte på henne og stappa så smått i golvet med staven sin.

– Hm, ja, ja, jaha, sa han alt i ett. Det æ nok stint tå døm ja, æ fult, men her fins nok i rå å få døm te veks.

Da han var ferdig med utgreiinga si, gjekk han ut i kammerset sitt, og der vart han verande lenge. Han kom inn att og såg svert løyndomsfull ut.

– Sjå her ha du en klip julsalt, og to små stålbåttå. Bland saltet atti det saltet du gje kum. Gje døm det når døm kjem framåt volla, men det æ itt verdt at de kjem ned nå tå di. Du må pass på det. Ta de berre var, så går det nok bra det her, ska du sjå. Di her stålbåttån ska du fest inni sokkleggin dine. En ti kvar sokken. Du må itt glem det.

Skull det no bi alt for my leven og stuss, så fæ du berre gang inni bua,….det kjem rett te å vårrå stint tå døm sømed volla der, når døm kan sett dyra slik, men no tenkje e at døm må te veks e, — øm det æ alder så stint tå døm.

Ja, ho Siri gjekk på sætra att. Kyrne var komne framåt voll-utgarden. Ho tok stålet i nokkane, blanda saltet og gav kyrne. Så leidde ho bjøllekua med seg, og heile hopen gjekk inn i fjøset. Ho batt den eine etter den andre. Med det same ho sette klaven på siste kua, vart kyrne heilt tullete, og på ein blunk var det som banda datt av alle dyra. Det dunka i båsane da banda datt. Ho Siri hadde stengt fjøsdøra, og ho smetta seg ut bakdøra og inn i bua.

Kyrne bølja og rauta, og med eitt skrall det i som alle hamrar ramla. Ho Siri skynda seg bortåt buglaset, og utafor fjøsveggen fekk ho sjå ei heil horg med tusskall stå og fikta med armane og tala saman. Dei var ikkje godblie å sjå til.

Ståket i fjøset stilna med kvart. Da ho kom ut i fjøset att, låg kyrne rolege og ørta i båsane sine. Tussane såg ho ikkje meir til, og sia har det vori lett å få kyrne inn på Lakkjvollen.
(Hending frå 1870-åra.)

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *