Internt referansenummer: B-28.03.2012
Kilde
TUSSAR OG TROLLDOM
Av: Kjetil A. Flatin (Klikk her for å lese om Kjetil A. Flatin)
Ved Tov Flatin (Klikk her for å lese om Tov Flatin)
Norsk Folkeminnela nr. 21

Kristiania
1930
Klikk her for å lese «Fyreordet»

Tussane spilar i Selgjord

Svinøkslid heiter ein vaarstoule under Nes i Ytre Selgjord. Ein laurdagskveld, med gjentune sat med krøturi der, var det samla nokre gutegapar, som floka med gjentune der og spila og dansa heile notti.

Knut Venehoug var der aa spila. Daa dei fór heimatt paa morgosida, Knut og ein annan gut, og hadde komi nedi kanten av stoulen, so høyrde dei det spila so naudende fint uppi ei tjukk granlid. So ven ein feleslaatt hadde dei aldri høyrt, og slaaftune var so undarleg rare. Inkje nokon anten nære eller langt ifraa kunne spila soleis. Dei vart reint klumsa av spele og visste mest ikkje kor dei var, berre høyrde paa dei undarlege tonane.

Men so braatagna spilingi og alt vart kurt. Daa gjekk dei upp og vilde sjaa; men der fanst ikkje likt til folk.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *