Kilde:
I SKREDDARTIMEN
Av Jens Haukdal
Folkeminne frå Gauldalsbygdene
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 87
OSLO 1961
Universitetsforlaget

Tussane tala i sæterfjøset.

Ein mann frå Bordal i Soknedal skulle til sætra ein seinsommardag. Han hadde drivi hardt med slåttonna om dagen, og det lei på kvelden da han larka i veg leia til sæters. Han tok beinast over fjellet, og da lian nådde ned i sæterdalen, var det skumt. Folket som stelte på sætrene var gått til ro, men på ei av sætrene var det ikkje folk denne sommaren. Vegen går rett framom fjøsdøra på denne vollen. Med det same han skulle gå framom fekk han høra at det pjatry og prata så livleg inne i fjøset. Her må det vera folk, tenkte han, gjekk bortåt og let opp fjøsdøra.

Han tenkte ikkje over at kroken var i på yttersia før etterpå. Men det fanst ikkje folk inne i fjøset. Berre den underlege pratinga dreiv på inne i mørket. Det gjekk så eldande fort, og han skjøna ikkje eit ord av det som vart sagt. Det heile flaut ihop til ei einaste samanhengjande pjatring. Mannen slo døra att og gjekk bortetter vegen mot si eiga sæter, og pratinga hørte han langt bortetter moen.

Dette var på same vollen som den gamle mannen fortalde om den gamle tusskjerringa og om brudlaupet og om brødet og vinen som han ikkje våga smaka på. Men hendinga med praten i fjøset kom mange år etter at mannen var død.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *