Kilde:
I SKREDDARTIMEN
Av Jens Haukdal
Folkeminne frå Gauldalsbygdene
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 87
OSLO 1961
Universitetsforlaget

Tussane tok hesten.

På Gynnildsætrene vart dei var at tussane dreiv og sleit med ein av hestane. Dei hadde eit svare mas med å få dyret med seg. Ein av dei hadde ei lang sveipe, og han gav hesten eit drag over lenda. Med det same kom mannen sjøl ut. Han ropa at dei måtte la hesten vera i fred, men da vart det fart på følgjet. Hesten sette i galopp. Tussane sprang ved sia og jaga på. Mannen strauk seg over augo, og da han skulle sjå etter dei som for med hesten var alt saman borte for augo hans. Han gjekk bortetter til staden der hest og drivarar vart borte. Der var det mange dolper i lendet, og staden blir kalla: «Tussgrobbøn» den dag i dag.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *